I dag sette dei uoffisiell verdsrekord i Nordbygdi
Tolv meter målte tårnet av verktøykassene utanfor Monter i Seljord i dag.
– Det er viktig å ikkje kjede seg på jobb!
Torje Aasan på Monter i Seljord er fornøgd med byggverket av Milwaukee packout – stablebare, samanklikkbare verktøykassar.
– Nå må du slutte å leike med lego, kommenterer kollega Kenneth Solås med eit smil.
Han har fått ansvaret for å steike hamburgarar til dei som har møtt opp i Nordbygdi.
Torje har saman med bror, el-influensar Jon, og tømrar Sigbjørn Kløften frå Byggmester TA Gustavsen bygd det som, ifylgje dei sjølve, er verdsrekord; 12 meter av verktøykassene – som kan minne om lego. For handverkarar.
Dei har ikkje funne nokon som har bygd høgare enn 8,2 meter.
Verktøykassane er populære fordi dei gjer det mogleg å samle mykje utstyr i eitt system, og finst i ulike variantar.