Fylket:
– Denne forfallsprega utsjånaden frå 1800-talet er ikkje det som er vektlagt tyngst
Fylket har ikkje lagt mest vekt på den nåverande utsjånaden til Stålekleivloftet når dei har gjort sine vurderingar, ifølge teamleiar for kulturarv Eystein M. Andresen.
Andresen har vore med på å gje dispensasjonen til å henge ein svalgang frå taket på Stålekleivloftet og kle den att med låvekledning. Han har stor forståing for at fleire kan ha synspunkt og kjensler rundt den nåverande utsjånaden til loftet.
– Det er heilt naturleg, men denne forfallsprega utsjånaden frå 1800-talet er altså ikkje det som er vektlagt tyngst i fredinga og dermed i vurderingsprosessen vår. Oppgåva vår når det er skadar og dårleg tilstand på slike bygg er å sørgje for tiltak som vernar tømmeret frå mellomalderen på ein best mogleg måte.
Andresen viser til at det har vore ein lang og grundig prosess der fleire stemmer har fått sleppe til – også dei kritiske. Vidare har tiltaket blitt klaga på til Riksantikvaren, som har oppretthalde dispensasjonen fylket gav.
– Ein av dei verst tenkelege plassane
Andresen peikar på fjerning av svalgangen til Stålekleivloftet på 1800-talet som ei årsak til at tømmeret har vore ekstra vêrutsett i seinare år, og at det nå er kritisk å få sett loftet i stand.
– Generelt ser me at klimaendringar gjer at bygningar som tradisjonelt har hatt tørre og gode bevaringsforhold no får ein annan og våtare belastning. Me ser at dette går ut over tilstanden på dei mange mellomalderbygningane i fylket. Stålekleivloftet er ikkje noko unntak. Det står til dømes på ein av dei verst tenkjelege plassane i området med tanke på slagregn, forklarar Andresen.
Stålekleivloftet, datert til 1182 med seinare endringar, er på grunn av sin høge alder eit automatisk freda kulturminne. Føremålet med freding av slike bygningar er å bevare kjeldeverdien til mellomaldertømmeret, understrekar Andresen.
– Oppgåva vår som kulturmiljøstyresmakt er i nært samarbeid med eigarar å sørgje for at formålet med fredinga blir vareteke for kommande generasjonar. Me har stor forståing for at fleire kan ha synspunkt og kjensler rundt Stålekleivloftets nåverande utsjånad – det er heilt naturleg - men denne forfallsprega utsjånaden frå 1800-talet er altså ikkje det som er vektlagt tyngst i fredinga og dermed i vurderingsprosessen vår. Oppgåva vår når det er skadar og dårleg tilstand på slike bygg er å sørgje for tiltak som vernar tømmeret frå mellomalderen på ein best mogleg måte.
– I søknaden frå Vest-Telemark Museum står det at valet av løysing skjer etter grundige vurderingar saman med eit breitt utval fagfolk. Dette ser ikkje ut til å stemme. Hadde det påverka dykkar vurdering om fagfolkas manglande støtte hadde kome tydeleg fram i søknaden?
– Me har i heile prosessen vore godt kjende med dei ulike synspunkta og vurderingane rundt løysingsalternativ. Dei har ikkje vore einsidige på det eine eller andre, til det er problemstillingane for komplekse, svarar Andresen.
– Alle synspunkt har vore del av avgjerdsgrunnlaget vårt.
Utståande og sårbare restar
– I søknaden står det også at «Vald løysning varetek byggets ikoniske utsjånad». Hadde det påverka dykkar vurdering om den store endringa av byggets utsjånad hadde kome tydelegare fram i søknaden?
– Me er svært klare over at tiltaka som er opna for vil endre den noverande utsjånaden i bygningen. Å halde oppe den forfallsprega utsjånaden frå 1800-talet med mellom anna utståande og sårbare restar av novarmane til svalgangen frå 1200-talet har likevel som nemnt ovanfor ikkje vore ein prioritet i vurderingane våre, svarar Andresen, som viser til at tilbakeføring av svalgang er ei løysing som er brukt fleire stadar, og som visuelt stemmer med den opphavelege karakteren og stordomen til bygget.
– Kva tenkjer de om at tiltaket de har godkjend på Stålekleivloftet kan bli ein modell til etterfølging, samstundes som det ikkje har fagleg forankring hos andre enn dykk i fylket?
– Spørsmålet inneheld ein premiss om forankring som ikkje stemmer, meiner Andresen.
– Når det er sagt, tenkjer me at løysing med reetablering av svalgang har vore brukt tidlegare og kjem til å bli brukt også seinare i møte med klimaendringar og behov for å verne mellomalderbygningane våre. Den tekniske løysinga for akkurat denne svalgangen kjem nok likevel ikkje til å bli ei utbreidd løysing. Til det er ho for skreddarsydd og kostbar med krav om lastberekningar frå ingeniørar med meir.
– Er det praktisk mogleg for museet å ombestemme seg og til dømes søke om eit frittståande vernebygg? Eller er løpet køyrt for Stålekleivloftet i denne omgang – at det er for seint å snu?
– Me er alltid opne for å diskutere løysingar og vurdere søknader. I dette tilfellet har me hatt dei fleste alternativa oppe i løpet av åra med vurderingar, alt frå tradisjonell innkledning av loftet med kledningsbord til frittståande vernebygg. Det er fordelar og ulemper med alle løysingar, også med vernebygg.
Les også: