Museumsdirektøren:
– Å setje loftet under ei osteklokke vil øydeleggje konteksten
Stålekleivloftet frå 1100-talet får nå ein takhengd svalgang med låvekledning. Det skjer etter ein brei og grundig prosess, ifølge museumsdirektøren.
Då Vest-Telemark Museum søkte om dispensasjon, skreiv dei at valet av løysing skjer etter grundige vurderingar saman med eit breitt utval fagfolk. Men då VTB undersøkte kva støtte tiltaket har blant handverkarar og fagfolk, inkludert fagfolka museet sjølve peika på, var det ingen som ville uttale si støtte til det som nå skal bli gjort.
– Kvifor vel museet ei løysing som ikkje har støtte frå fagfolk?
– Eg er ikkje samd i premissen for spørsmålet. Det har vore ein brei og grundig prosess på dette, der mange har vore involvert og fått høve til å uttale seg, svarar museumsdirektør Dag Rorgemoen, som understrekar at tiltak på bygg som dette medfører mange omsyn og utløyser komplekse spørsmål som det ikkje berre er eitt svar på.
– Vår hovudoppgåve er å ta vare på Stålekleivloftet for framtidige generasjonar, byggje kunnskap om loftet og formidle historia om dette. Løysinga som er vald, og som er gjeve dispensasjon for av ansvarlege faglege mynde hjå Kulturarv i fylket og også overprøva av Riksantikvaren, vil sikre dette, svarar museumsdirektøren.
– Men korleis kan de skrive i søknaden at de har vurderingane har skjedd «saman med eit breitt utval fagfolk», når ingen av fagfolka har eit einaste positivt ord å seie om den valte løysinga?
– Det er rett at mange har fått kome til orde i prosessen. Men primært har me forhalde oss til fylkeskommunen som har forvaltningsmynde i desse sakene, svarar Rorgemoen, som også opplyser at fylket er godt kjende med dei ulike synspunkta og argumenta til fagmiljøa.
– I søknaden står det også at «Vald løysning varetek byggets ikoniske utsjånad». Korleis kan de skrive dette i søknaden, når det er heilt klart at utsjånaden til bygget i stor grad blir endra og at store delar av det originale bygget ikkje lenger blir synleg?
– Vernesvala vil endre utsjånaden av bygget, og ein kan sjølvsagt diskutere denne formuleringa. Men dette er planlagt for å betre verne bygget mot vêr og vind. Me har ved sjølvsyn sett korleis til dømes runeinnskrifter på loftet er i ferd med å forsvinne på grunn av belastninga loftet står i no.
– Viktig å tenke seg om både ein og to gonger
Valet som blir gjort for Stålekleivloftet har ikkje berre betydning for lokalmuseet i Eidsborg. Det har også betydning nasjonalt, sidan det er fleire gamle bygg rundt om som treng hjelp, der det må gjerast val for å berge dei. VTB spør museumsdirektøren om det er eit alternativ å ta ein grundigare gjennomgang med fagmiljøet før ein set i gang med det planlagde tiltaket.
– Det har allereie vore ein lang og omfattande prosess om dette. Mange har fått kome med sine synspunkt. Diskusjon rundt verneprinsipp er viktige, og historia har vist at det er viktig å tenke seg om både ein og to gonger før ein gjere tiltak. Difor har ein også lagt opp til den breie prosessen i dette arbeidet. Men ein gong må ein også trekke konklusjon, svarar Rorgemoen, og viser igjen til at tiltaket er godkjent både hos fylket og Riksantikvaren.
– Allereie i 2006 uttrykte Riksantikvarens folk uro for tilstanden til loftet og kom med framlegg om å reetablere svalgangen. No er tida komen for å faktisk gjere noko for loftet.
– Kan det vere eit alternativ å legge inn ein hastesøknad om å få setje opp eit frittståande vernebygg med stolpar og tak i staden, slik at de kan ta ein grundigare runde med fagfolka?
– Å byggje eit frittståande vernebygg over loftet har vore eit av alternativa som er drøfta, men vart forkasta. Dette ville vore sterkt inngripande for loftet, men også i høve til omgjevnadane. Både for loftet sjølv, tunskipnaden på Uppistog Vindlaus og konteksten med stavkyrkja vil dette bli eit framandelement. Det å setje loftet under ei osteklokke slik som domkyrkjeruinane på Hamar vil øydeleggje konteksten loftet står i og forståinga av loftet, svarar Rorgemoen.
– Svalgang er eit historisk meir rett vern av bygningskroppen til loftet. Då det av omsyn til mellomaldermaterialene ikkje var tilrådeleg å reetablere ei tradisjonell sval, valde ein då løysinga med ei lett takhengd sval. Dette medfører ei minimal inngriping i sjølve mellomalderloftet, men gjev det vernet det er behov for. Uttrykket til loftet vil bli endra frå i dag, men likevel vere meir i tråd med korleis loftet har vore.