Hans Steinar Woldstad (t.v.), Kjetil Øy, Arne Øy, Hans Olav Moe, Leif Roholdt, Morten Gulliksen (bak), Oddvar Lundeberg, Tarjei Kråkenes og Egil Aarbu.

Denne gjengen møtest kvar onsdag. – Å syte er bortkasta tid, her vil me snakke om trivelege ting

Kvar einaste onsdag kjem eit solid knippe karar saman til seniorkafé i Vrådal. – Treffet er ein fin måte å bli kjent med andre i bygda, og få med seg det som skjer, meiner nyinnflytta vrådøl, Hans Olav Moe. 

Publisert

Eitt av dei tidlegare klasseromma i skulehuset på Straumsnes er forvandla om til eit triveleg møtelokale med stovepreg, langbord, veggpynt og nytt kjøkken. Det er grendelaget som har sytt for oppussinga, og seniorkafeen har mellom anna nytta rommet som fast møtestad sidan i fjor haust. 

Lukta av nytrekt kaffi møter oss alt på trappa ute, og den gode stemninga og latteren ligg lett i lufta. 18 karar har møtt fram til dagens seniorkafé, eller sytten rettare sagt, for me høyrer at Odd Gunnar Sanden blir omtala som «gutungen» medan han set fram kaffikanner på borda. 

– Me har ei liste der to karar har ansvaret for å dekke bord, koke kaffi og ta med bakst og is til kvar kafé. Dei same har ansvaret for å rydde og gjere rommet klart for dei neste som skal bruke det, og så rullerer me på kven som får oppdraget, fortel Arne Øy medan han set kryss på lista for dei ansvarlege denne dagen.

Nokon ofte, andre sjeldnare

Øy seier at det er heilt greitt at ein ikkje kjem kvar gong på treffet som er onsdag føremiddag. 

– Nokon møter kvar gong, andre sjeldnare, slik må det vere. Men me sender ut ei sms-påminning om seniorkafé til alle gjestene som er på lista vår, seier Øy og legg til at her møtest karar frå både Vrådal, Kviteseid og Seljord. 

Og så rullerer dei gjerne litt kvar dei set seg, slik at karane får rø med ulike folk kvar gong. 

– Men eg må sitje på enden av bordet, elles høyrer eg så dårleg på grunn av høyreapparatet, seier Leif Roholdt.

Dei andre karane kring han meiner at fleirtalet på kafeen truleg er i same situasjon med dårleg høyrsel. 

Så ler dei godt og skravlar vidare medan bakst, is og kaffi blir servert. 

Fantastisk tilbod

Verdien av eit fast treff kvar veke, for å skravle og mimre står ekstremt høgt for fleire av dagens gjester. 

Jon Draugedalen (t.v.) serverer Rune Hansen litt meir kaffi.

– Det er eit heilt fantastisk, det er så koseleg og moro å møtast her, seier Johan T. Straand. 

Øy meiner seniorkaféen i Vrådal starta rundt 2016-2017, og Tarjei Kråkenes og Leif Roholdt har vore med heilt frå starten. 

– Fyrst møttest me i kjellaren hos Svein Straumsnes i sentrum, så var me på klubbhuset til idrettslaget ei tid og sidan i haust har me vore her, fortel Roholdt.

Det er høgt under taket og rom for gode historier, på kafeen kjem det mellom anna fram at her er det fleire med felles minner om starten på arbeidslivet. Nokre av karane har mellom anna reist til sjøs, fleire av dei som 15-åringar. 

– Me mønstra på 15 år gamle, og var ute i 14 månadar, utan å kome heim, det var ei anna tid då, seier Jon Draugedalen og Sverre Bakken. 

Når det blir snakk om hamner dei har vore innom knyt minne seg saman, for dette er kjente plassar for Rune Hansen også, frå tida han var til sjøs. Dei har mykje å dele, og mykje å snakke om. 

Fin bli-kjent arena

Hans Olav Moe (t.v.) og Leif Roholdt.

Fersk vrådøl og seniorkafégjest Hans Olav Moe rosar tilbodet. Han budde tidlegare i Kvelde nord for Larvik, og han og kona hadde fyrst hytte i Vrådal eit par år. Men når han fekk barnebarn i Vrådal tok dei avgjerda om å kjøpe hus og bli innbyggjarar på fast basis. 

– Me er begge pensjonistar, og då eg blei invitert med på denne kafeen blei eg glad. Det er ein fin måte å bli kjent med andre i bygda, og få med seg det som skjer, meiner Moe. 

Han seier at ein er avhengig av å gjere ein innsats sjølv for å bli kjent når ein ikkje lenger er i arbeid eller har barn ein fylgjer i barnehage, skule eller på aktivitetar. Han trur kanskje karar også treng eit ekstra «spark» for å kome seg ut og saman, dei blir kanskje raskare berre gåande heime, sidan damene gjerne har fleire arenaer som strikkekafe eller trimtilbod. 

– Oppmodinga om å kome hit kom vel fyrst i kjellaren til Svein Straumsnes då me fekk hytte i bygda, men då me flytta hit fekk eg beskjed om at eg måtte kome fast til seniorkafeen. Og eg fekk ein beskjed til, at her er det ikkje lov å snakke om problem eller negative ting, seier Moe med eit stort smil.

– Nei, å syte er bortkasta tid, her skal me snakke om triveleg ting, legg Arne Øy til. 

Praten går rundt bordet. Frå venstre: Sverre Bakken, Jon Draugedalen, Hans Øy (bak), Rune Hansen, Johan T. Straand, Knut Magnus Hosum og Odd Gunnar Sanden (med ryggen til)
Ei gamal sag kan bli eit godt samtaleemne på seniorkafé. For denne skulle vel vore vigga, eller vikka, altså bøyge ut annakvar sagtann til same sida slik at saga får eit romslegare skjer.
Dagens kjøkkenvakt, Odd Gunnar Sanden, eller «gutungen» dei andre kalla han, sytte for at oppvasken blei rydda etter kaféen.
Powered by Labrador CMS