Tone Stimson
Tone Stimson er nestleiar i FAU og initiativtakar til smarttelefonfri barndom i Tokke.

Foreldra vil at barna skal vente med smarttelefon. – Det handlar om å skjerme barna       

Tokke FAU har bestemt at Tokke skule er ein del av foreldreinitiativet smarttelefonfri barndom.

Publisert Sist oppdatert

– Mange familiar gjer smarttelefon til ungane berre fordi alle andre gjer det. Nå stiller FAU seg bak dette initiativet, og gjer det då litt tryggare for familiane å utsette kjøp av smarttelefon til barna. 

Det seier Tone Stimson som er nestleiar i Tokke FAU, initiativtakar til at FAU i Tokke blir ein del av den nasjonale rørsla smarttelefonfri barndom og mor til tre barn på tre, seks og ni år. 

Lenge har det vore vanleg at ungane som går på Tokke skule har fått smarttelefon når dei blir ti år. Men i haust tok Stimson opp forslaget om at dei også i Tokke blir ein del av smarttelefonfri barndom. Initiativet vart starta opp og blir drive av ein gjeng engasjerte foreldre, og nå har det spreidd seg til alle delar av landet. Ifølge smarttelefonfri barndom sjølve, går i dag fire av ti ungar på ein skule der FAU har smarttelefonfri barndom på agendaen. 

Mange ville valt annleis i dag

Stimson fortel at då ho fyrst tok opp smarttelefonfri barndom på eit møte med FAU i haust, var det ein del foreldre som ikkje hadde høyrt om det. Det var også litt misforståingar knytt til kva det handlar om. Det handlar ikkje om at ungane ikkje skal få bruke skjerm i det heile tatt eller at ungane ikkje skal ha tastetelefon. 

Dette handlar om smarttelefonen som ligg i lomma og som er tilgjengeleg heile tida, der du kan kople deg på internett, og alle slags ulike sosiale medium som mellom anna YouTube, Snapchat og TikTok. Målet med smarttelefonfri barndom er at fleire skal utsette kjøp og bruk av smarttelefon til ungane sine, helst til ungdomsskulen – eller seinare.

Med litt meir informasjon om kva smarttelefonfri barndom handlar om, vart forslaget samrøystes vedtatt i FAU. 

– Me er veldig glade for at Tone tok tak i dette og presenterte det for oss. Det er kjempeviktig at ingen foreldre skal føle seg pressa til å kjøpe smarttelefon. Om me kan utsette dette lengst mogleg, har me fått gjort mykje. Då gjer me så godt me kan frå så tidleg alder som råd, seier Cathrine Røv, som er leiar i FAU. 

– Foreldra som har eldre barn som alt har smarttelefon støtta initiativet, og fleire ville valt annleis om dei skulle gjort det om igjen. Foreldre som har yngre barn, har ofte ikkje tenkt på problemstillinga endå, fortel Stimson. 

Tokke FAU var samrøystes då dei vedtok ein felles visjon om å utsette barns introduksjon til smarttelefon.

Ho presiserer at eit vedtak i FAU ikkje er eit juridisk vedtak – dei har ingen mynde til å bestemme kva folk skal gjere og ikkje gjere. 

– Men dette er ei støtte til dei familiane som ønsker å vente. Ein ønsker ikkje å ekskludere barnet sitt, og med dette initiativet blir ein fleire. Det handlar om å skjerme barna, seier Stimson. 

For det er bekymring for kva ein kan få tilgang på via ein smarttelefon med internett og appar til sosiale medium som ligg bak initiativet. Stimson har lese både nyheitssaker og forsking om kva barn og unge kan få med seg gjennom ulike sosiale medium. Ho meiner skilnaden til kva som blir vist på til dømes Netflix er stor samanlikna med i dei sosiale media. 

– Det er ingen handheving av aldersgrensene i sosiale medium, og algoritmane der er nådelause. Ser du éin video om for eksempel sjølvmord, så får du opp fleire om det same. 

Vedtaket gjeld berre 1. og 2. klasse, men det skal følge dei og alle nye klasser fram til ungdomsskulen. 

 

Powered by Labrador CMS