Nye skjermråd: Barn under 12 år bør unngå internett utan tilsyn
Regjeringa meiner at barn under 12 år ikkje bør ha tilgang til internett utan tilsyn frå vaksne.
– Barna våre må ikkje overlatast til algoritmar og teknologiselskap åleine, seier barne- og familieminister Lene Vågslid (Ap) i ei pressemelding.
I dei nye nasjonale skjermråda skriv regjeringa at trygg bruk inneber at vaksne bør unngå at barn har tilgang til internett utan tilsyn og foreldrekontroll dersom barnet brukar skjerm og er under 12 år, skriv regjeringa i ei pressemelding.
– Trygg digital oppvekst
– Regjeringa er oppteken av å sikre barna våre ein trygg digital oppvekst. Derfor har det vore viktig å få på plass nasjonale, faglege skjermråd som kan bidra til hjelp og støtte til foreldre og andre vaksne som skal ta stilling til skjermbruken til barna, seier helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre (Ap).
Dei to statsrådane og helsedirektør Cathrine M. Lofthus la fram dei nasjonale skjermråda torsdag. Dei er baserte på råda som vart presenterte av Helsedirektoratet i juni i fjor. Etter det har det vore ein høyringsrunde der det har komme inn over 3500 innspel.
Kontroll og avgrensa tid
Råda tilrår avgrensa skjermtid for barn på fritida. Barn under to år bør unngå skjermtid heilt, og vaksne som er saman med dei, blir også tilrådde å avgrense skjermbruken sin.
Styresmaktene tilrår også at barn under tolv år som brukar skjerm, ikkje har tilgang til internett utan tilsyn og foreldrekontroll.
Statsrådane trekkjer også fram fleire punkt som gjeld god skjermbruk, mellom anna å unngå å bruke skjerm som trøyst eller for å avleie barn frå negative kjensler. Dei tilrår også at ein unngår å bruke skjerm under måltid og amming og å ikkje ha på skjerm i bakgrunnen. Mobil eller nettbrett ved senga og skjermbruk den siste timen før leggjetid blir òg frårådd.
Fakta om nasjonale skjermråd
* Barn under 2 år bør unngå skjermbruk heilt, og vaksne som er saman med dei, bør avgrense skjermbruken sin.
* Barn mellom 2 og 5 år bør maksimalt bruke 0,5–1 time per dag på fritida, gjerne mindre.
* Barn mellom 6 og 12 år bør maksimalt bruke 1–1,5 time per dag på fritida, gjerne mindre.
* Ungdom mellom 13 og 18 år bør maksimalt bruke 1,5–3 time per dag på fritida, gjerne mindre.
* Vaksne bør unngå at barn har tilgang til internett utan tilsyn og foreldrekontroll dersom barnet er under 12 år.
(Kjelde: Regjeringa, Helsedirektoratet)
(©NPK)