Sjølv om ungdommane har flytta frå heimbygda held dei fram med fotball.

Flytting stoppa ikkje fotballgleda

Svært mange av ungdommane som tidlegare spela fotball for Treungen IL har halde fram med aktiviteten når dei starta på vidaregåande skule. Årsaka meiner dei er venskap, aktivitet,  samhald og at dei har det moro med idretten.

Publisert

Mathea Holskar starta på Kvitsund i haust, og blei med på fotballaget sidan ho har spela fotball lenge og hadde lyst til å halde fram med aktiviteten. 

– Og det er eit fint samhald i laget vårt, fortel ho. 

15 spelar framleis

På Norges fotballforbund si heimeside finn me at 15 tidlegare spelarar på Treungen IL (Frå årskull 2009 og 2010) har meldt overgang til nye klubbar og held fram med fotball etter dei har starta på vidaregåande utdanning. VTB har kontakta ungdommane, og her fortel mange av dei kvifor dei framleis trivst med idretten.

Kjelde: fotball.no

Heime i Treungen spela ho saman med tvillingsystrene Lilja og Linnea Sanden som nå går i andreklasse på Kvitsund. Nå er trioen frå Treungen saman på lag att. 

– Fotball er veldig sosialt, seier Lilja. 

Linnea Sanden (t.v.), Mathea Holskar og Lilja Sanden spelar på Kvitsund IL sitt damelag.

– Me er ein fin gjeng på laget, og nå begynner samspelet å sitje betre også. Det tar jo litt tid sidan det kjem nye spelarar kvar haust. Når me slutta på laget i Treungen var jo samspelet heilt på topp hos oss, seier Linnea. 

Jentene fortel at dei bare har hatt gode opplevingar med å spele fotball i oppveksten. 

– På Kvitsund trenar laget to gonger i veka, i tillegg til ein kamp, fortel jentene før dei gjer seg klare til kamp. 

Satsar på fotballen

Isabel Nesblom er nå målvakt for Fossum/Storm sitt kvinnelag.

For Isabel Nesblom var fotballen ein stor grunn til kvar ho starta på vidaregåande. Ho går på Telemark toppidrettsgymns i Skien, og fortel at ho nå er keeper på kvinnelaget til Fossum/Storm.

– Eg valde å fortsette med fotball fordi eg synest det først og fremst er gøy, og så vil eg sjå kor langt eg kan nå. Det eg likar best med idretten er eigentleg treningane, spele fotball og styrke, fortel målvakta. 

Har fått nye vener

Leon Vee Tveit, Allan Mendaros Ufs og André Martins har starta på vidaregåande skule i Lunde, og spelar nå fotball på Nome fotball. 

André Martins (t.v.), Allan Mendaros Ufs og Leon Vee Tveit spelar på Nome fotball.

Allan fortel at han framleis spelar fordi han ynskte å halde fram med fotball.

– Og då har eg noko moro å gjere på fritida, og så har eg blitt kjent med andre og fått nye vener. Det eg likar best med fotballen er at ein samarbeider som eit lag for å vinne, fortel han. 

– Grunnen til at eg valde og fortsette på fotball når eg flytta hit var på grunn av at eg vil halde meg i aktivitet og vere aktiv gjennom veka. Det er ein god måte å bli kjent med andre folk, og det eg liker best med fotballen er å spele saman og vinne, seier André. 

Leon fortel at han nå spelar både for Nome sitt G16- og G19-lag.

– Eg valde å fortsette med fotball fordi det er moro og gir meg noko å finne på. Det eg likar best er å vere med kompisane mine og spele kampar, seier Leon. 

– Fotball er veldig gøy

For Eva Madelen Aarak-Saga spela interessa for fotball inn då ho skulle velje vidaregåande utdanning . Ho går nå på toppidrett ved Bø vidaregåande skule og fortel at ho spelar på Skarphedin sitt J17-lag i Bø.

Eva Madelen Aarak-Saga spelar for Skarphedin.

– Eg valde å fortsette med fotball fordi eg synest det er veldig gøy, og fordi eg hadde lyst til å halde fram med noko eg har drive med lenge.

Eva Madelen meiner at fotballen er ein fin måte å halde kontakten med folk, og bli kjent med nye menneske etter at ho starta på vidaregåande.

– Det eg likar best med fotball er samhaldet på laget. Eg gler meg til treningar og til å spele kampar, seier Eva Madelen. 

– Det fyrste me snakka om

Gustav Fjalestad Grundt starta på Kvitsund gymnas i haust saman med Bendik Gautefall. Dei valte begge å seie ja til å halde fram med å spele fotball når spørsmålet kom frå Kvitsund. 

Bendik Gautefall (t.v.) og Gustav Fjalestad Grundt spelar på Kvitsund IL.

– Fotball var vel det fyrste me snakka om då eg starta på skulen, seier Gustav med eit smil. 

Bendik meiner fotball er ein fin aktivitet å halde på med. 

– Det er moro å spele. I haust har me vunne ein kamp på heimebane, og det er ekstra moro sidan det er så mange som ser på kamp og heiar, meiner Gustav og Bendik. 

Veldig uvanleg 

Rune Sanden trena jentelaget i Treungen i ei årrekke, og meiner det ikkje har vore vanleg at så mange jente- og gutespelarar har halde fram med fotball etter at dei har flytta frå heimbygda. 

Rune Sanden trena jentelaget til Treungen i 6-7 år.

– Det er gledeleg og det er vel eit teikn på at dei har trivst med fotballen, og difor har hatt lyst til å fortsette. Laget eg trena var svært ivrige, ein gjeng som hadde det skikkeleg gøy saman og som hadde eit sterkt samhald.

Han seier at Nissedal kommune jobbar for at alle unge skal vere med på minst éin fritidsaktivitet, og meiner det er svært viktig at alle skal ha det bra sosialt.

– Og me har også oppmoda alle ungdommar til å finne ein aktivitet å halde på med på fritida når dei flyttar, for alle som startar på vidaregåande må jo flytte frå kommunen, seier Sanden. 

Han gav seg som trenar då jentene hans starta på vidaregåande, og er glad for at det er så mange som har halde fram med fotball. 

– I fotball har ein både venskap og fellesskap, og det er viktig at alle på laget kjenner at dei er like viktige uansett kva posisjon ein spelar, for alle gjer sitt beste, seier Sanden.

Powered by Labrador CMS