Isak (14) flyttar til Skien for å satse på keeperdraumen
Isak Berggren byrja som spiss, men vart keeper fordi han ikkje likte å tape. No flyttar han frå Fjone til Skien for å få betre treningsvilkår og satse på fotballdraumen.
Til hausten flyttar Isak frå Fjone til Skien for å gå 10. klasse ved Telemark Toppidrett Ungdomsskule (TTU). Målet er å få betre moglegheiter til å utvikle seg som keeper.
– Eg håpar at eg får meir og betre trening, seier han.
Tok saka i eigne hender
Då Isak starta med fotball på Treungen IL som 6-åring, var det ikkje gitt at han skulle ende opp med å satse.
– For å vere heilt ærleg var eg eigentleg heilt uinteressert i fotball då eg starta, fortel han.
Han spela fyrst ute på bana, helst som spiss. Men då laget byrja med kampar, bruka dei ofte å tape med ganske mange mål.
– Eg har litt konkurranseinstinkt, så det takla eg ikkje så godt. Derfor bytte eg til keeper, for å ta saka litt meir i eigne hender, seier han med eit smil.
Etter kvart byrja resultata å bli betre, og keeperrolla gav meirsmak.
– Eg likte det så godt at eg bestemte meg for å satse på det.
Mange timar på trening
Dei siste åra har fotballen fylt mykje av kvardagen. Fram til nyleg spelte Isak både på G14- og G16-laget i Treungen, samstundes som han har hatt keepertreningar i Odd, treningar med Odd under 15, og han har også vore innom både sone- og kretslag.
Isak er på treningar i Skien mellom ein til tre gonger i veka. Det fører til mykje køyring.
– Me har mange veker med 80 mil i bil, seier mor Åshild Reime.
Sjølv om fotballen tek mykje tid, meiner Isak det har gått greitt å kombinere med skule og fritid. Men satsinga krev prioriteringar.
– Nokre gonger må eg velje bort å vere med vener. Og så har det blitt litt fråvær frå skulen på grunn av kampar og treningar.
Likevel opplever han at venene støttar satsinga.
– Dei synest det er veldig kult, og seier at eg må hugse dei når eg blir proff, smiler han.
Åshild legg ikkje skjul på at familien også må investere mykje tid.
– Det blir mykje køyring og mange timar på vegen. Men me har det veldig hyggeleg på bilturane, og det er verdifull tid saman, seier ho.
Til hausten blir det mindre køyring på familien.
Isak fortel at skulen i Skien kombinerer vanleg undervisning med meir trening for ungdom som ynskjer å satse på idrett.
Familien har tenkt nøye gjennom valet.
– Han er veldig ung, og det er tidleg å flytte, men han er bestemt på at han vil dette. Det å ville satse, men ikkje gjera det, er dumt – då er det betre å prøve. Han har ikkje keepertrening i Treungen, så me trur dette er eit lurt steg for å bli betre og ha betre moglegheiter til å koma inn på TTG (Telemark Toppidrettsgymnas), seier Åshild.
Isak er ikkje det minste i tvil om valet, og gler seg veldig.
– Eg var på besøksdag, og dei tok meg veldig godt imot. Eg trur dette blir bra, seier han entusiastisk.
Tok sjølv initiativ
Åshild fortel at det var gjennom fotballskulen i Vrådal at kontakten med fotballmiljøet i Skien vart etablert.
– Terje Andersen, som er keepertrenar i Odd, var veldig positiv og oppmoda han til å bli med på treningar i Skien. Det er bra at det går an å få tilbod i Grenland, sjølv om du bur her oppe, seier ho.
Også Isak sjølv tok initiativ. Etter å ha sett keeperane trene på fotballskule med Odd, tok han mot til seg og spurde om det fanst keepertreningar han kunne delta på.
– Eg hadde eigentleg ikkje så lyst til å spørje, men eg gjorde det likevel.
Det vart starten på vegen vidare. Under kretsuttaket skulle fem keeperar bli til tre. Han kom gjennom nålauget.
– Det var ei meistringskjensle. Det var litt gøy å koma inn frå sidelina og vera god nok til at dei ville satse på meg.
Sjølv om han ikkje har hatt så mange reine keepertreningar gjennom oppveksten, har han funne andre måtar å utvikle seg på.
– Han har brukt tusenvis av timar på YouTube med keepervideoar, fortel mora.
– Det hjelper veldig å sjå teknikkvideoar og så prøve det ut på trening etterpå, seier Isak.
Han meiner sjølv at styrken hans som keeper ligg i speleforståinga.
– Eg prøver å tenke eitt steg fram. Eg likar å lese spelet og vere førebudd på kva som kan koma.
Åshild meiner sonen har eigenskapar som kan ta han langt.
– Han er veldig uredd. Og så er han fornuftig og reflektert. Han skjønar at viss han skal bli god, så må han legge ned arbeidet som krevst.
Viktig jobb
Mange unge spelarar vil helst vere spissar og score mål. Isak trivst best bakarst på bana.
– Det er den viktigaste jobben, men folk skjønar det ikkje alltid, meiner han.
Han meiner keeperrolla er krevjande fordi alt blir så synleg.
– Du kan ha tjue redningar i ein kamp, men viss du gjer éin feil, så er det den folk hugsar.
Det er også mykje meir å tenke på enn mange trur.
– Ein utespelar kan fokusere på si oppgåve. Som keeper må du heile tida vurdere kva du skal gjere. Skal eg gå ut og plukke ballen? Skal eg bokse han vekk? Skal eg spele han raskt vidare? Det er mange val å ta på veldig kort tid.
Samtidig er det nettopp dette han likar.
– Den beste følelsen er å redde éin mot éin. Det er det gøyaste, smiler han.
Drøymer stort
Isak har tydelege mål og ambisjonar.
– Eg må vera litt realistisk også. Men målet er å koma på landslaget. Det hadde vore veldig gøy. Og så håpar eg å spele for A-laget til Odd.
Og om han får lov til å drøyme heilt fritt?
– Då er den største draumen å spele for Manchester City.
Samtidig veit han at vegen er lang.
– Det er nesten ingen som klarer det. Men viss du ikkje prøver, så klarer du det i alle fall ikkje. Det er betre å prøve og heller feile, enn å tenke i ettertid at ein kunne ha klara det, seier han.
Når han ser unge keeperar i årets VM, tenker han at det kan vere mogleg at han ein dag skal stå der sjølv.
– Det skal bli meg, smiler han sjølvsikkert.