Lena Holskar Sanden og Rune Sanden saman med jentelaget til Treungen

Eldsjelene Lena og Rune blei heidra

Lena Holskar Sanden og Rune Sanden blei tildelt eldsjelprisen under årsmøtet til Treungen IL.

Publisert

Ekteparet tok trenaransvaret då jentelaget i 2019 stod utan trenar. Jentene som er  fødde i 2009 og 2010, blei etter kvart stadig fleire og samhaldet voks. Dette i kontrast til andre stader og klubbar der mange jenter sluttar å spela fotball når dei blir tenåringar. Fotballkrinsen har skrytt mykje av at Treungen IL har så mange aktive jenter år etter år. 

Jentelaget til Lena og Rune byrja som sjuarlag, gjekk så over til niarlag, og blei ellevarlag så snart dei kunne stille med nok spelarar.

Hausten 2023 var truleg første gongen eit lag frå Treungen sikra opprykk og spel i den gjævaste serien i Telemark, 1. divisjon og pokalserien. Det blei to haustar i 1. divisjon, med eit jentelag der alle spelarane var underårige.

Det var treningar tre gonger i veka i årevis, også om sommaren. I 2024 var dei til Norway Cup, og Rune skreiv song til laget. Jentelaget var også med i Norway Cup i 2025.

Ein av spelarane, Gunhild Tveit, sa til VTB i 2024: 

– Me har vore heldige med trenarane me har. Dei byggjer oss opp og gjev oss motivasjon.

Treungen IL sette så stor pris på den enorme og viktige fritidsinnsatsen ekteparet har lagt ned at dei gav dei årets eldsjelpris. 

Powered by Labrador CMS