Eldre mann med caps sit i stol framfor hyller og verkstadutstyr.
Magne Solli

Minneord ved Magne Solli si båre

Minneord

Eg kom på kyrkjegarden for mange år attende, der stod det ein eldre flott mann med stav. «Kva gjer du her då Karl Hansen?» spurte eg. «Eg helsar på vennene mine svarte han» Nå står vi ved ei ope grav og helsar bardomsvennen vår. Eg lot mi eiga sorg kome fram då det passar seg å gråte ved denne staden og når vi fylgde deg til siste kvilestad.

Kjære kjære Magne

Min barndomsvenn, kva skal eg takke deg for? For at du lærte meg og fleire andre å røyke mose i gråpapir oppanfor Gullbekk, for at du sparka meg på spark frå Landvik til Gaurak - sette meg av med krullsjeisene på beina og fauk tilbake åleine, utan meg. Takk for at du klatra opp i epletreet i hagen på Forstandarboligen og rista ned dei beste eplene i verden og i tillegg lærte Thyra å sladre. Mor di observerte då du og Torleiv låg i telt i hagen at to jenter luska seg til besøk, ho kasta ein liten stein og trefte Torleif midt i hovudet. Vart litt skada så Thyra og eg la på sprang. Vi budde livredde i telt på Moen den natta.

Kven var du for meg - Magne. Hjelpsom, stødig, vimsete og raus, kokk og fiskar, tømmerhoggar, vedhoggar, hjertevarm, nyskjerrig, ivrig, humoristisk, direkte, varm og så uendeleg, uendeleg snill.

Jan Gunnar, som sparka seg frå lilleputt til landslaget i fotball. Som du kjøyrde frå nord til syd. Som du var så stolt av og gleda deg over framgangen på banen. Den gleda delte vi. Du kjøyrde ofte Kristin og Jan Gunnar på kretssamling.

Og så Tove da. Med all sin viten, fagleghet, kunnskap og kjærlighet. Var hjå deg gjennom ditt behov for hjelp, kunne kome natt og dag. Det gleda oss båe.

Og Berit, mor til dine born, min venn og kolega. Ho må finne nye vegar utan deg Magne. For ikkje å gløyme Vibeke og Julianne med sin kjærlighet til Bess. Du fekk bare vere oldefar for Halvor ei kort tid, men du fekk vere det.

Og bror Torleif står tomhendt tilbake. Stor endring og stort tap for alle.

Sårheten då du mista Mette var som skjørt rim på marka. Fekk vere med denne ettermiddagen  og ta farvell. Jørgen kom då vi kjøyrde henne til kyrkja og vi vart fleire i lag. Livet vart aldri det same for deg. Du vart grå i håret over natta. Tapet slepte deg aldri.

Så kom endringane, sakte men sikkert. Mykje belastning i utredning og behandling, likevel humor på plass. Pensjonist tida vart meir smertefull enn fortjent. Vi såg endringane, bekymra oss og møtte deg med raushet sIik du møtte andre rundt deg. I din verden opplevde du sterke hendingar og fortalde oss om dei. For deg var dei ein sannhet og dei kunne endre seg i løpet av ei samtale. Realitsorientering var nyttelaust i dette, empatiske samtaler gav mindre redsel og større ro. Du høyrde mykje vi andre ikkje høyrde. Du såg mykje vi andre ikkje såg. Tenk for ein sårbar verden du levde i.

Du fekk ikkje som fortjent heller, jobba som vaktmester på NOS og lønna ventar du nok framleis på. Ikkje heilt nøgd med at Tellef Eriksen gjekk av med pensjon, de hadde fleire prosjekter å ta dykk av fortalde du. Glad for alle besøka av Bjarte og Hildegunn. Uvurderlige var og er dei. Du hadde så mykje ugjort i verkstaden og heime. Og så var du ein samlar.

Eg er og ein samlar. Eg samlar på minner og djupt i dei ligg du. Ikkje gjøymt og aldri gløymt.

Eg tek med meg orda dine gode Magne: det ordner seg nok.

18/11-2026

Inger Moen

Powered by Labrador CMS