Kommentar

Live Nelvik.

– Eg veit ikkje om eg skal le eller grine

Publisert

I kronikken «Følsom kjendis» på NRK.no, skriv programleiar Live Nelvik til «ærede dosenter, amanuensiser og professor humlesnurrer»: 

Det vi på nederste dekk, hoiende og bråkete prøver å skaffe dere, det er oppmerksomhet, ressurser og penger. Både med fakta og følelser.

Nelvik har som forelder engasjert seg ekstra i debatten om norsk skule etter at dei dårlege PISA-resultata blei lagde fram. Tysdag var ho på Dagsnytt 18 på NRK saman med Mari Sjøberg, førsteamanuensis i naturfagdidaktikk ved USN, og kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun. 

Det kostar å drive god skule. Det har Live Nelvik forstått, men langt ifrå alle politikarar. Og det er i seg sjølv vanskeleg å forstå. Korleis kan politikarane bli overraska over nedslåande PISA-resultat når det ikkje er pengar og ressursar att til å undervise ordentleg? Når det ikkje er pengar til spesialundervisning, helsesjukepleiar, logoped, bibliotekar og så vidare. 

Nessa Nordtun lovar å «fikse skulen». 

Men nå har me høyrd dette 40 gonger før – gjennom utallege år – og det hjelper ikkje. 

Eg har sjølv jobba i skulen medan politikarane har spela ping pong med læringsmål, kunnskapsmål, skjermer og bøker. Eg har sjølv jobba i skulen medan den eine kollegaen etter den andre forsvann ut av skulebygningen fordi kommunen kutta i stillingar. Eg har sjølv stått åleine att i eit klasserom med 25 elevar med ulike behov og 50 forventningsfulle foreldre. Eg har sjølv slutta i jobben før arbeidsoppgåvene og rettferdssansen tok knekken på meg.

Nelvik opplever at akademia ikkje er interesserte i engasjerte foreldre. Etter at ho ytra seg på NRK.no, skreiv 12 akademikarar debattinnlegget «Skal følelser eller fagkunnskap styre norsk skule?» i Aftenposten.

Innholdet i skolen bør avgjøres på grunnlag av kunnskap utviklet fra forskning, faglige vurderinger og erfaringer fra utdannings- og praksisfeltet, ikke først og fremst av hvem som roper høyest i den offentlige debatten, skriv dei.

Erfaringar frå praksisfeltet er viktige å ha med seg. Men når det gjeld forsking og faglege vurderingar knytt til skule, handlar det også om kven som ropar høgast, og kven som har ordet – eller regjeringsmakt – akkurat nå.

Etter mi meining bør nåværande kunnskapsminister snarast mogleg slutte å seie «forskinga er heilt tydeleg på». For forsking er sjeldan heilt tydeleg, og nokon vil meine at du får forskinga som svarar på spørsmåla du stiller. Dessutan: Forsking kunnskapsministrar har lena seg på dei siste åra har openbart ikkje vore ei vinnaroppskrift.

Nå meiner Nessa Nordtun at smågruppeundervisning på 1. og 2. trinn er løysinga, og eg veit ikkje om eg skal le eller grine. Kanskje eg er ein følsom journalist. 

For er det noko alle som jobbar i skulen veit og har erfart, så er det at færre elevar per lærar, og gruppeundervisning, gjev fleire moglegheiter til læring. Velkomen etter, kunnskapsminister. Lærarane har ropa dette i årevis. Men – ein kan ikkje organisere ei klasse inn i smågrupper om ein ikkje har nok vaksne i rommet. Elevar i eit klasserom i 2026 sit ikkje automatisk disiplinerte og sjølvstendige på kvar sin stol, som regjeringsmedlemmer rundt kongens bord.

Om ikkje kunnskapsministeren øyremerkar pengar til kommunane som skal gå til fleire vaksne i kvart klasserom – altså fleire stillingar i skulen, kan ein ikkje ta smågruppe-forslaget seriøst. Det gjeld også forslaget om å leggje til rette for meir leik, rørsle og fysisk aktivitet.

Organisering av norsk grunnskule bør ikkje vere opp til skiftande regjeringar. Kanskje bør eit utval sjå nærare på skulen nå. Då bør det i så fall sitje nokon der som også har følelsar for norsk skule. Å bare lene seg på forsking har ikkje ført oss i rett retning.

Ein treng ikkje å vere einig i alt kjendisar tenker, føler og meiner om norsk skule. Men når stadig fleire foreldre gir opp den offentlege skulen og vel privatskular i staden – ja, då er det betimeleg at fleire tar ansvar for å løfte debatten ut av regjeringskontora. 

Det er bra at Nelvik er ein følsom kjendis og forelder som ropar høgt for ungane våre – framtida vår. Me treng fleire Nelviks.

Powered by Labrador CMS