Dagens jeger: – Kjensla av å få det til saman med andre er ubeskriveleg artig
Dagens jeger er Ane Flatland (39) frå Svartdal. Ho jaktar i Brattefjell - Vindeggen og på Mælefjell.
1. Kor lenge har du jakta?
Eg har jakta i tre år.
2. Kva jaktar du?
Reinsdyr, hjort og elg.
3. Kva er det beste med jakta?
Spenninga med å vera ute er det beste. Kombinert med alle dei flotte opplevingane ein får av å få dyr tett innpå seg. Det er noko mektig med dei.
4. Kva er det mest utfordrande?
Eg trur eg må seie hjortejakt på fjellet. Det er vanskeleg å vera stille nok.
5. Fått noko dyr i år?
Nei, men me har framleis mange flotte dagar me kan vera ute.
6. Kva er ditt beste minne frå jakt?
Må nok vera då eg skaut eit reinsdyr for tre år sidan. Torje og Hallgeir hadde seg ein ettermiddagstur for å sjå om dei kunne sjå noko. Siv, pappa og eg fekk ei kjapp melding på radioen om at det var dyr nede i Robekk. Me møtte gutane, og det blei lagt ein kjapp plan før mørket kom. Hallgeir og eg skulle prøve å koma oss innpå, med rettleiing frå Siv over radioen om korleis dyra bevega seg. Tryggleiken med å ha ein rutinert jeger ved sida av seg då eg skulle skyte, var nok avgjerande for meg. Den kjensla av å få det til saman med andre, ute, oppe på fjellet, er ubeskriveleg artig.