Bli med ut i naturen på eventyr: Bygdefolket kranglar om ein skatt og ungane må hjelpe
I sommar har Telemarkskanalen opna natureventyr langs kanalen. Tysdag var det eventyropning på Dalen.
– Målet vårt er å formidle naturen, kulturen og historia om Telemarkskanalen til nye målgrupper. Me ønsker at barn som veks opp langs kanalen, skal få eit forhold til kanalen, og det er også for turistar. Derfor er appen på fleire ulike språk, fortel Therese Lahus, dagleg leiar i Telemarkskanalen natur- og kulturpark.
Eit natureventyr er eit eventyr som skjer i naturen. På Dalen går reisa i friområdet på Tangane, ned mot Bandak. Dei som vil vere med på reisa, og eventyret, må laste ned appen Natureventyr, og får forteljinga lesen opp. Det er forfattar Kristine Rui Slettebakken frå Kragerø som har laga eventyra.
Magiske hjelpemiddel
På tysdag får elevane i 1.-4. klasse på Tokke skule vere dei aller fyrste til å teste ut natureventyret på Dalen – «Skattejakt i Kvitebjørnens dal».
Før dei byrjar får ungane delt ut nokre magiske ting. Det dukkar nemleg opp nokre utfordringar på vegen, og det kan bli nyttig å kunne snakke med dyr, reise i tid eller fly. Då kan magiske konglar eller fjører kome til nytte.
Dei som vil høyre eventyret må laste ned appen «Natureventyr», og eventyret blir lese opp, men det er også mogleg å lese det i appen. På slutten av kvart kapittel er det ein liten quiz tilpassa dei yngste.
Lahus fortel at dei har vore på dei ulike stadane saman med forfattaren slik at ho har sett løypa. Ungane får hint om kvar dei skal gå vidare for å få neste kapittel frå forfattaren. Snart er dei oppe på ein stubbe, like etter er dei i full fart mot den vesle brua der dei har god utsikt mot eventyrhotellet på Dalen.
«Skattejakt i Kvitebjørnens dal» er eit eventyr som er laga spesielt for Dalen. I eventyret blir dei to kanalbarna Victoria og Henrik tilkalla av hotelldirektøren som er bekymra fordi bygdefolket har byrja å krangle om ein skatt. Då får me høyre historia om Åse Stålekleiv og systera hennar Gullborg som krangla så fælt ein gong for lenge sidan.
Det er ikkje fyrste gong ungane frå Tokke skule høyrer om dei to systrene – Åse budde i Eidsborg og Gullborg i Skafså. Systrane såg over til kvarandre, og begge ville eige den frodige dalen som låg der mellom dei. Åse og Gullborg sendte sønene sine i kamp, og det endte ikkje godt. Alle dei tre sønene til Åse låg døde etter slaget.
– Og då tok Åse hesten og rei rett ut frå fjellet, fortel ungane.
Når spørsmålet om kva som er i kommunevåpenet til Tokke, kjem svaret høgt i kor.
– Bjørn!
Tre av dei som visste dette godt er Anna Sofie Løken Vistad, Vilje Vinjerui og Thea Kyrkjebø Moen. Dei går i 2. klasse på Tokke skule, og er nokre av dei fyrste som får testa ut Natureventyret på Tangane. Jentene tvilar litt på om dei magiske tinga – konglen, fjøra, steinen og flisa faktisk er magiske.
– Men elles da? Korleis likar de å få høyre eit eventyr medan de er på tur?
– Fint! ropar jentene før dei spring vidare til neste kapittel.
Natureventyr er eit dansk konsept, og Lahus fortel at det var dei som tok kontakt med det danske selskapet.
– Det er ganske utbreitt i Danmark, men me er fyrst ute her i Noreg. Målet er å formidle kultur og historie på ein litt annleis måte.
Denne veka var det i tillegg til opninga av Natureventyr på Dalen, offisiell opning av Natureventyr på Kviteseid bygdetun. Her heiter eventyret «Sterke-Nils og de hevngjerrige underjordiske», og før sommaren opna Natureventyr i Kilen, og fleire andre stadar langs Telemarkskanalen.