VM-tilbodet har skapt liv på brygga. – Alle er så glade, og det er berre god stemning
Dalen Bryggjekafé har vist nesten alle VM-kampane. Det skal dei også framover. I kveld er dei klare for kvartfinale. Finnane held naturleg nok med Noreg mot England.
– Me er kjempeglade for at Noreg har kome så langt, seier sjef for bryggekafeen, Simo Pietarinen.
Brygga kjøpte nemleg lisens til å vise kampane før VM-starta. Trass i at han og sjef for mat og drikke på Dalen Hotell, Nacim Boudaoud, er finske, heiar dei på Noreg. Slik mange andre i Norden gjer.
– Me har vist alle kampane medan det har vore ope, og me har hatt ope lenger for kampane til Noreg, og nokon spennande kampar for England og Frankrike, seier Pietarinen.
Dei er dei einaste på Dalen som har vist kampane, så det har vore liv på brygga.
– Alle er så glade, og det er berre god stemning, seier finnen.
Kvar var du då Noreg vann mot Brasil? – På Dalen
– Det er jo moro at om nokon spør «Kvar var du då Noreg vann mot Brasil?» også svarar dei «På brygga på Dalen», seier Pietarinen.
Boudaoud fortel at det som oftast er lokale som kjem på brygga for å sjå kampen. Mange kjem også for livet meir enn kampen.
Men det har dei plass til på brygga.
– Me har plass til rundt 40 inne og 100 ute på bygga, seier Pietarinen
Dei hadde booking i starten, men det måtte dei slutte med tidleg fordi det blei for mykje å halde styr på.
– Nå tenkjer me at dei som er først inn, blir først servert, seier Boudaoud.
Dyr lisens – men verd det
Brygga har kjøpt lisens. Den kosta 32 000 kroner. Dei var usikre før dei tok valet.
– Men det har me tent inn igjen, seier Pietarinen.
Det må løne seg å ha ope, og det er derfor dei ikkje har hatt oppe kvar kamp. Under kvartfinalen mellom Frankrike og Marokko var det rundt 20 til 30, og brygga kunne derfor ha ope fram til tolv på natta.
– Men då var eg her aleine, derfor kunne det gå, seier finnen.
Den kampen dei nok ikkje vil vise er kampen mellom Argentina og Sveits. Den går klokka 3 natt til søndag.
– Det blir vanskeleg å ha ope om det blir veldig dyrt for oss, seier han.