Folk sit rundt eit bord under telt ved ein serveringsstad.
Støga i Høydalsmo søndag, laurdag vises kampen òg her.

Her kan du sjå VM-kvartfinalen i Vest-Telemark

Laurdag er det klart for kvartfinale i VM for det norske herrelandslaget. Då er det mange vesttelar som skal sitje pal framfor TV-en, og mange skal gjere det ilag med andre. Men kvar blir kampen mot England vist?

Publisert Sist oppdatert

Vinje

  • Vinjehuset – gratis og alkoholfritt arrangement som passar godt for familiar. Avgrensa med plassar, så lurt å melde seg på. Sist kom det 80 personar, ifølge Ea Kristine Bakken ved Vinje frivilligsentral. 

Tokke

  • Bryggekaféen på Dalen viser kampen. Arrangementet er gratis, og ein kan kjøpe alkohol. Dei viser alle kampane.

  • Støga i Høydalsmo viser kampen. Arrangementet er inne på Støga, og dei har alkoholsal. Her er det fulle bord, men dei oppfordrar folk til å sette seg på venteliste.

Seljord

  • Budeia – viser kampen på storskjerm. Arrangementet har aldersgrense 18 år, og det er alkoholservering. For å sjå kampen her må ein betale inngangspengar.

  • Flatdal Idrettslag visar kampen på samfunnshuset i Flatdal. Dei oppfordrar folk til å ta med snop og god stemning. Arrangementet er alkoholfritt og startar klokka 23. 

Fyresdal

  • Kulturhuset i Fyresdal har eit alkoholfritt arrangement der dei viser kampen på storskjerm. Arrangementet er gratis og barne- og familievennleg. Det blir arrangert i regi av idrettslaget og dørene opnar klokka 22. På søndag var det om lag 100 som deltok.

Kviteseid

  • Vrådal Golfklubb har søkt Allente om offentleg visning utan alkoholservering, men har ikkje fått svar endå. Dei vil vise den om dei får løyve frå Allente. Arrangementet vil ikkje ha aldersgrense.

  • Straand hotell visar òg kampen for alle, skriv dei i ei melding til VTB. Det er ikkje aldersgrense på arrangementet. 

Nissedal

  • Treungen IL inviterer alle til kampen i kinosalen på Fleirbrukshuset. Her opnar dørene 22.30 på laurdag. Arrangementet er gratis og det blir oppmoda om å ta med eigen drikke og snacks. Idrettslaget oppmodar også folk til å melde seg på på førehand.

Veit du om fleire stader me bør skrive opp? 

Tips oss på vtbsnap eller på redaksjon@vtb.no så oppdaterer me saka! 

Derfor viser færre kvartfinalen

Det har vore vanleg at fleire av kampane TV2 sender ikkje har blitt vist på offentlege plassar, då kanalen har andre reglar når det gjeld lisens enn kampane som blir sendt på NRK. 

– Familievennlege, alkoholfrie og gratis VM-visningar har heile vegen vore mogleg å arrangere, men nå har ønsket om å få til større folkefestar for alle auka monaleg. Me ønsker ikkje at prisen for visningrettane skal stå i vegen for dei som tar på seg dugnaden med å legge til rette for gratis, ikkje-kommersielle arrangement på laurdag, seier TV2-sjef Olav T. Sandnes i ei pressemelding.  

Det betyr at alle som arrangerer ikkje-kommersielle arrangement uavhengig av storleik, kan vise kvartfinalen mellom Noreg og England konstnadsfritt på laurdag. 

Granvin kulturhus i Seljord viser ikkje kampen, sidan det er TV2 som har rettane til sendinga. Visning av kampen vil vere eit økonomisk tap. Dette fordi dei ikkje får selje alkohol eller inngangsbillettar om dei skal oppfylle vilkåra TV2 set for gratis vising, melder kulturhuset på Facebook.

Om det blir finale lovar dei å ha felles visning.

Powered by Labrador CMS