To bilar har kollidert. Éin av dei ligg på taket

Publisert Sist oppdatert

Naudetatane har rykt ut etter melding om trafikkulykke mellom to bilar. Eitt av køyretøya ligg på talet. ulykka skal, ifylge Vegvesenet,  ha skjedd på E134 i Vågslid i Vinje.

– Det er til saman to bilar og fire personar involvert i ulykka, opplyser politiet klokka 06.40 laurdagsmorgonen.

Politien melder om store materielle skader. Dei to personane som sat i bilen som endte på taket er sendt til sjukehus for sjekk. To andre har blitt sendt til legevakta i Åmot.  Bilberging er bestilt. 

Ulykka skjedde då eitt av køyretøya kom over i motgåande køyrefelt. 

Det er ikkje meldt om alvorleg personskade. Vegen er open, og trafikken flyt.


Powered by Labrador CMS