Guro Grytli Seim og Håvard Lundevall har sagt opp dei faste jobbane sine.

Nå startar dei på eit nytt eventyr saman.

Bli med til Næringshagen i Kviteseid!

Guro og Håvard tilbyr revisjon med eigenutvikla teknologi

Publisert Sist oppdatert

– Det begynte jo eigentleg med ei samtale i lunsjen, seier Guro Grytli Seim.

Ho kikar bort på Håvard Lundevall og får eit smil og eit ja i retur. Me sit i kantina i Næringshagen i Kviteseid, og det var sånn cirka her at dei to gründerane først begynte å snakke saman – om det som nå har blitt eit heilt nytt revisjonsfirma med det klingande namnet «Tiltru».

– Me trur namnet kan funke, og så var det ledig domene. Veldig rart at ingen hadde tatt det før, ler Håvard.

Og litt meir alvorleg: dei byggjer firmaet sitt på tillit.

– Revisjon er samfunnets tillitsperson, det er ei slags rolle. Me skal vere transparente til kundane. Kundane skal ha tillit til at me gjer det på rett måte, seier dei.

Revisjon

– Ein uavhengig, metodisk gjennomgang (gransking) innanfor eit avgrensa område for å forsikre at ein praksis er i samsvar med eit sett av førehandsdefinerte krav.

– Døme på område som kan bli gjenstand for revisjon er rekneskap, kvalitetssystem og andre styringssystem, produkt, prosessar, oppfølging av kontraktar og så vidare.

Kjelde: Store Norske Leksikon

Tiltru

Håvard kjem frå revisorjobb i BDO. Han flytta heim til Kviteseid med familien for fem år sidan, og seier det var litt tilfeldig. Det kunne også blitt Kristiansand, der sambuaren kjem i frå.

Guro kjem frå jobb i eit hydrogenselskap, Hexagon Purus, og flytta til mannens heimplass, Kviteseid, for to år sidan. 

– Det var ei stor avgjerd å flytte hit. Men me tenkte litt på det som i ei oppstartsbedrift: Me kan pilotere og teste ut litt. For oss betydde det å først leige eit hus i Kviteseid, fortel ho.

Så seier ho at nå har dei bestemt seg for å bli verande. 

– Det må du skrive, seier Håvard.

Han har jobba i næringshagen i fire år. Guro fekk kontor der litt etter kvart. Og nå har altså begge sagt opp jobbane sine, og «Tiltru» er oppe og går.

– Eg hadde ikkje tenkt at det kunne skape nye moglegheiter for innovasjon å ha kontor i Næringshagen, smiler Guro.

Men det gjorde det altså.

Guro Grytli Seim og Håvard Lundevall i kantina i Næringshagen.

Perfekt timing

Guro hadde nettopp vore på eit kurs som handla om moglegheiter for programmering ved hjelp av kunstig intelligens då ho blei sitjande å prate med Håvard i lunsjen.

– Eg var slik: kva skjer med verda? Me kan jo byggje teknologi på ein heilt ny måte, seier ho.

Håvard hadde over tid sett ein del ting i arbeid med revisjon som han meinte kunne effektiviserast.

– Noko tek veldig lang tid i revisorbransjen, seier han, og legg til at mange er i KI-bobla, men at det er få som brukar KI-agentar.

Guro og Håvard fann ut at dei ville slå seg saman. 

– Eg har gått entreprenørskap tidlegare og har alltid tenkt på å starte eitt eller anna. Men å starte åleine kunne eg ikkje, seier Håvard.

Guro har vore med og etablert selskap tidlegare.

– Men eg er ikkje revisor! Me fann ut at me hadde kompetanse som passar godt saman. Timinga var perfekt, seier ho.

Meir effektiv revisjon

Men kva slags firma er dette eigentleg?

– Det er agentdrive revisjon. Du flyttar ein del arbeidsoppgåver frå menneske til maskin, fortel Håvard.

Og då meiner han oppgåver menneske ikkje synest er så «artig», som han meiner det ikkje er vits å bruke tid på, ikkje minst fordi ei maskin kan gjere det betre. 

– Det betyr ikkje at menneske ikkje er viktig. Men då kan menneske bruke meir tid og krefter på det som krev skjønn og menneskeleg tankekraft. Til dømes drøfte ulike problemstillingar som oppstår innanfor revisjon, seier han.

Målet er at kundane deira skal få ein meir effektiv revisjon og ei betre kundeoppleving.

– Nokon organisasjonar opplever at det har vore dyrt med revisjon, og at det tek for lang tid. Me ønsker å riste litt i bransjen og gjere det på ein annan måte, fortel Guro.

Håvard presiserer at revisorar framleis skal sjekke revisjonen og gjere dei komplekse vurderingane.

– Ei maskin kan ikkje gjere heile revisjonen åleine, det må alltid stå eit menneske ansvarleg.

KI-assistent og KI-agent

Ein KI-assistent er eit verktøy som svarer på førespurnader frå menneske (ofte via tekst eller tale), til dømes ChatGPT.

Ein KI-agent kan utføre handlingar på eiga hand – til dømes bestille varer eller oppdatere eit system – basert på mål og rammer du definerer.

KI-assistentane brukar ofte KI-agentar til å utføre oppgåvene dei får, så overgangen mellom dei er flytande.

Kjelde: Regjeringen.no

Framtidas arbeidsplass

Dei skal altså tilby revisjon med eigenutvikla teknologi. Dei skal byggje programvare dei sjølve skal bruke, som effektiviserer revisjon.

– Me er i ein prosess med å hente inn kompetanse frå Vest-Telemark eller kvar enn me måtte finne det, seier Guro.

Dei treng erfaren teknisk kompetanse, fortel Håvard, som sjølv har ein del kompetanse på området. 

– Viss det er nokon framoverlente teknologar eller KI- og programvarefolk i området må dei veldig gjerne ta kontakt, seier Guro, og legg til at dei også skal få med seg fleire revisorar.

– Men når ein brukar meir KI i revisjon, kva skjer eigentleg med alle revisorane? Mistar dei jobben?

– Dei får andre arbeidsoppgåver. Nokon opplever også revisorjobben som stress. Nå kan me lage ein betre arbeidskvardag for dei. Då får også kundar ein raskare leveranse, seier Håvard.

Han legg til at det ikkje er «flust» av revisorar, og at dette kan avlaste bransjen og svare ut eit behov.

Guro seier at ved å ta i bruk meir KI kan dei også skape framtidas arbeidsplass:

– Kanskje nokon ønsker å jobbe færre dagar? Kanskje nokon treng meir fleksibilitet? Me kan ha ulike modellar.

Guro og Håvard er godt i gang med samarbeidet.

Må bli vande med KI

Dei reflekterer stadig rundt bruken av KI, og tenker mykje på sikkerheit.

– Det er viktig å ha kompetanse på korleis me sikrar produktet, seier Håvard.

Om dystre spådommar knytt til bruken av KI seier dei blant anna:

– Me har vore i store samfunnskifte før. Det er viktig med motstemmer og at teknologigigantar blir regulerte. Men om ein tenker at ein ikkje kan bruke KI fordi det finst negative konsekvensar, då kjem det eit amerikansk selskap og gjer det me tenker.

Guro meiner ein heller bør prøve å sikre verdiskaping i Vest-Telemark og Noreg.

– Me må gripe moglegheita!

Håvard trur folk generelt er litt for bakoverlente når det gjeld KI.

– Me lever litt beskytta her i distriktet. Men det er fort å bli utkonkurrert om ein ikkje tek det i bruk. Me må bli vande med KI, meiner han.

Dei har lyst til å spreie bodskapen og har begynt å halde kurs. 

– KI spelar ei stor rolle hos oss, både i oppbygging av firmaet og dagleg bruk. Og det går mykje raskare å byggje opp eit selskap nå enn for ti år sidan, fortel Håvard. 

Tiltru-duoen er godt i gang og klare for fortsettinga.

– Me skal levere tillit, understrekar Guro.

Powered by Labrador CMS