Meiningar
Skal det bu folk i distrikta, må me tørre å føde her
Det er vanskeleg å ikkje engasjere seg i jordmor-saka når ein ser at sjukehusdirektøren i Telemark ynskjer å innlemme Tinn i jordmor-samarbeidet. Som mødre med erfaring med å føde i distrikt, langt vekk frå sjukehuset vekker denne saka engasjement og bekymring.
I den minste kommunen i Vest-Telemark, Fyresdal, er me fleire som har hatt behov for følge av jordmor i ambulanse under fødsel. Me er også fleire som har opplevd at jordmor ikkje har vore tilgjengeleg for oppfølging i Seljord, og derav måtte køyre heile vegen til sjukehuset sjølv med sterke rier og smerter. I Johanna sitt tilfelle skjedde nettopp dette ein vinternatt i november. Vatnet hadde gått og jordmorvakta var på sjukehuset i Skien, derav ikkje tilgjengeleg for oppfølging - så samtidskonfliktar skjer, men vert dei fanga opp? Me oppfattar at sjukehusdirektøren ynskjer å løyse denne konflikta med at jordmødre frå sjukehuset skal komme fødande i møte, men me opplever at føde- og barselavdelinga på sjukehuset allereie har nok med oppfylging av sine eigne pasientar.
Fleirtalet av oss har vore «heldige» og fått med jordmor i ambulanse, deriblant Anne Merete. Når vatnet gjekk heime i stoga og Jakob i seteleie måtte ambulanse komme frå Tokke (Fyresdal-ambulansa var ikkje tilgjengeleg) og Seljord-ambulansa kom med jordmor i møte. Berre 40 minutt etter ankomst på sjukehuset vart Jakob fødd, med bistand av overlege og eit fleirtal jordmødre. Når beskjeden i ettertid er at «dersom Jakob hadde blitt fødd i ambulansa hadde han døydd» set det sine spor hjå ei nybaka mor. Kan ein då seie at ambulansepersonell skal kunne handtere ein fødsel utan jordmor?
Fleire av oss har hatt styrtfødsel og oppfølging av jordmorvakt har vore ein stor tryggleik og ikkje minst livsnødvendig for både mor og born. Jordmorvakta i Seljord har me alle hatt nytte av – i form av telefon, oppmøte/undersøking i Seljord og bistand i ambulanse. Me har erfart at ordninga fungerer godt, men me ser også at den er svært sårbar. Tanken på at vakthavande jordmor i Seljord skal dekke eit endå større distrikt med tilføring av betydeleg større tal på fødslar, gjer oss bekymra for framtidig fødande i Vest-Telemark. For sjukehusdirektøren handlar dette om statistikk og budsjett, men får oss fødande som bur i distrikta handlar dette faktisk om liv og død.
Johanna Tessem Sagmo, Anne Merete Vik Aslestad, Marit Emilie Momrak Husstøyl, Mari Vik Aslestad, Charlotte Skifjeld, Trine Vik Aslestad og Synne Margrete Møen