Solveig Sundbø Abrahamsen (f.v.), Carina Thorvaldsen og Janne Merete Larsen trur på ei løysing.

Kjempar for Seljord DPS: – Det er krevjande

Sjukehuset Telemark er i gang med omstillingssamtaler med dei tilsette ved Seljord DPS. Avdelinga er igjen trua av nedlegging.

Publisert

– Me er glade for at Sjukehuset Telemark stilte opp på kort varsel.

Det seier ordførar i Seljord, Solveig Sundbø Abrahamsen. Saman med varaordførar, Carina Thorvaldsen, og kommunalsjef helse og omsorg, Janne Merete Larsen, var ho fredag i møte med Sjukehuset Telemark på DPS Seljord i samband med saka om mangel på overlege i psykiatri.

– Viss tilbodet forsvinn er det berre trist, seier Abrahamsen.

Sjukehuset Telemark har varsla dei tilsette om at døgnposten ved Seljord DPS kan bli lagt ned.

– Men me er ikkje der nå. Det er 14 dagar til fristen går ut. Me har framleis tru på at dette kan løyse seg, seier Abrahamsen.

– Ønsker å vere tett på

På same tid i fjor fekk dei tilsette også beskjed om at døgnposten kunne bli lagt ned, men i desember inngjekk sjukehuset ei avtale med ein spesialist. Engasjementet i Seljord varte dessverre berre nokre månader.

– Me har stor forståing for at dette skaper uro hos dei tilsette, og me er her for dei. Nå er dei i gang med omstillingssamtaler, og det er krevjande. 

Har dei eigentleg gitt opp?

– Nei, desse samtalane må ein uansett ha. Viss me ikkje finn psykiater innan fristen, må me vete kva dei tilsette kan tenkje seg før januar. Det er prosedyre, seier Larsen.

– Me ønsker også å vere tett på, seier ordføraren.

Ho legg til at dei på same tid i fjor, då det såg ut som det gjekk mot nedlegging, fann ei løysing.

– Så me gjev ikkje opp!

Carina, Janne Merete og Solveig vil ha opne dører i Seljord.

– Me kryssar fingrane

– Me har tillit til at Sjukehuset gjer det dei kan for å få tak i folk, seier Thorvaldsen.

Alle er einige om at det viktigaste er fagleg, god drift, og at pasientane får hjelpa dei treng.

– Fristen er jo forlenga, og nå kryssar me fingrane, seier varaordføraren, og legg til;

– Det er jo nydeleg i Seljord, og me oppfordrar sjølvsagt folk til å søke. 

Ordføraren nikkar, og seier dei skal ta godt imot ein ny psykiater. 

– Og så vil eg presisere noko, for ein kan kanskje få inntrykk av, i nokre medium, at det blir svart i lokala her i Seljord. Men det er døgnposten det i så fall er snakk om. Tilbodet på dagtid er her, og har stadig blitt betre.

Ordførar i Seljord, Solveig Sundbø Abrahamsen vil kjempe for DPS.

Vanskeleg å rekruttere

– Eg har i dag hatt kartleggingssamtaler med tilsette.

Det seier avdelingsleiar Espen Halvorsen. 20 tilsette får nå oppfølging frå sjukehuset.

– Det er for å førebu dei på ei eventuell omstilling. Dette er vanskeleg, og dei tilsette er meir resignerte nå enn sist gong.

Sist gong var då han hadde liknande samtaler med dei tilsette i fjor.

– Det er berre leit, dette. Det er eit godt pasienttilbod her, og ein veldrive seksjon over mange år. Her jobbar dyktige tilsette med lang erfaring, og det er eit godt samarbeid kommunane imellom.

Espen Halvorsen er avdelingsleiar ved DPS Seljord.

Det er ikkje berre i Seljord dei sårt treng psykiater. Det er vanskeleg å rekruttere fleire plassar.

– Mangel på psykiatrar kan handle om fleire ting som vilkår, utdanningskapasitet og at fagfolk ønsker seg større fagmiljø blant anna. Det er også vanskeleg å rekruttere til mindre byar, som Skien, seier Halvorsen.

Så minner han om;

– Det var i denne fasen i fjor at det løyste seg. Eg har håp, me må ha tru på at det skal gå. Det er framleis mogleg.

Powered by Labrador CMS