Løparar frå 35 nasjonar stilte til start i verdas høgaste maraton. Rune Hana vart den beste utanlandske løparen, og sprang på tida 5.19.

Rune vart beste utanlandske løpar i Everest maraton

Trass kvalme og varme sprang Rune Hana inn til siger i klassa for utanlandske løparar under Everest Maraton.

Rune Hana stilte til start i verdas høgaste maraton den 29. mai. På tida 5 timar og 19 minutt sprang han inn til beste plassering i klassen for utanlandske deltakarar.

– Eg klara å halde eit jamt tempo, fortel Rune, som hadde kvalme gjennom store delar av løpet, men likevel heldt fokuset og motet oppe.

Sjølv om det var ei påkjenning for kroppen, klara han å gle seg over å delta.

– Det var blå himmel og ei vanvitig utsikt, så eg føler meg heldig som får oppleve dette, seier han.

Ved landsbyen Tengboche får han høyre at han ligg fremst blant dei utanlandske løparane.

– Eg pusha meg sjølv, sjølv om eg var kokvarm og kvalm, fortel han.

Over målstreken ventar sterke kjensler. Då han ringer sambuaren Cecilie, kjem tårene.

– Det var ganske sjukt for meg å springe over mål som fyrstemann, seier Rune.

Etter løpet blir det feiring, og mange som gratulerer han. Han blir også stoppa av ukjende som vil ta bilete saman med han.

– Det blir litt mykje for ein vinbygge, smiler han.

No står restitusjon og feiring på programmet i Katmandu, før han flyg heim 2. juni.

– Eg kjenner meg overraskande bra i kroppen. No er det berre å koma i gang med treninga igjen når eg kjem heim. Eg gler meg veldig til å sjå Cecilie, avsluttar han.

Powered by Labrador CMS