Eline Benneche Gulsrud.

Reduserer drifta på Møsstrond

– Eg prøver heile tida å finne løysingar for ikkje å gå i minus her oppe, seier dagleg leiar på Møsstrond turisthytte, Eline Benneche Gulsrud. Nå vil ho halde turisthytta stengt fire månader i året.

Publisert Sist oppdatert

– Det er rimeleg hektisk. Eg er åleine her nå, og ventar 24 gjester i dag.

Eline Benneche Gulsrud på Møsstrond turisthytte førebur seg til ei ny helg med mykje besøk. Ho er fullbooka i helgene ut oktober, men når oktober er slutt,  er det også slutt på heilårsope på Møsstrond.

– Eg ser at eg har straumrekning opp mot 35 000 kroner i dei kalde månadane, og lite belegg. Plutseleg tenkte eg; kanskje me skal halde Møsstrond heilt stengt i november, desember og januar, fortel sørlendingen.

Klump i magen

Eline og dei to borna hennar, Elvira og Viktor, flytta til Møsstrond i januar 2025. Mannen til Eline bur og jobbar i Arendal.

– Eg prøver heile tida å finne løysingar for ikkje å gå i minus her oppe. Mange er nysgjerrige på drifta og trur eg håver inn med pengar. Men eg har enno ikkje tatt ut løn til meg sjølv, fortel ho.

Ho er eigentleg  ikkje komfortabel med all eksponeringa i sosiale medier.

– Men eg er nøydd til det. Eg skal jo selje ei aude øy, ler ho.

I tillegg til å halde stengt i dei fleste vintermånadane kjem ho også til å halde stengt i mai framover, i isløysinga.

– I fjor måtte eg avlyse to firmaturar. Eg gjekk med klump i magen og venta på at isen skulle gå. Eg kan ikkje halde på slik.

Ho kjem til å reise fram og tilbake frå Arendal for å sjå til Møsstrond når det er stengd.

– Eg tenker å drive turisthytte her i mange år framover. Eg har jo forelska meg i denne øya.

Mykje jobb

Ho legg ikkje skjul på at ein av ungane lengtar meir heim til Arendal, og at skulekabal blir ei utfordring når ho nå ønskjer å reise meir fram og tilbake. Eline har tidlegare prøvd heimeskule for ungane.

– Men det er ikkje noko for meg, all ære til lærarar, seier ho.

Ho har også erfart at ein kvardag på Møsstrond utan mannen er tøft.

– Eg kjenner meg litt isolert, og kan kanskje jobbe litt meir frå Arendal framover. Eg er i ein tenkeperiode.

Neste år vil Eline truleg stenge turisthytta rett etter haustferien. 

– Eg treng også å kvile litt. Det handlar ikkje bare om å ta imot gjester på Møsstrond. Det er veldig mykje anna jobb bak. 

I helga måtte ho ringe far sin for å få hjelp.

– Eg treng fleire vertar her, eg ser at det alltid må vere nokon ekstra ved sidan av meg. 

Ho fekk ein vekkar i sommar då sonen spurte om ho ikkje skulle hatt ei bestemt telefontid.

– Eg er jo stadig i telefonen og på e-post, og meininga var jo at me skulle få meir tid saman her oppe. Eg trur me gjer lurt i å nå halde stengt nokre månader. Ein lærer undervegs.

Ho legg til at ho opnar hytta i januar om det er firma eller grupper som ønsker å booke overnatting då.

Powered by Labrador CMS