Hytte-base-hopping

Eline Benneche Gulsrud, Kyle O'Donoghue og Falk Isaksen O'Donoghue om bord i Fjellvåken II.

Eline og Kyle vil samarbeide om turismen på Møsstrond

Kyle O’Donoghue frå DNT Mogen turisthytte og Eline Benneche Gulsrud frå Møsstrond turisthytte vil tilby ein ny hytte til hytte-variant, med båten Fjellvåken som bindeledd.

Publisert

Medan Kyle O’Donoghue har vore dagleg leiar på DNT Mogen turisthytte sidan 2015, er Eline Benneche Gulsrud i gang med sin andre sommar som drivar av Møsstrond turisthytte. Korleis har dei tenkt å satse vidare på turistnæringa på Møsstrond på ein måte som både grunneigarar, turistar og villreinen kan leve med? VTB blei med duoen på høgfjellscruise med Fjellvåken for å bli betre kjend. 

To personar står framfor ein båt ved ei steinstrand med fjell og skyer.
Fjellvåken kryssar Møsvatn dagleg frå 26 juni til 6. september.

Hytte til hytte langs Møsstrond

VTB treffer Kyle O’Donoghue om bord på Fjellvåken like før fyrste avgang frå Skinnarbu klokka 09.30. Under dekk sit kona Marthe Isaksen (41) og sonen Falk (8). O’Donoghue kjem frå eit møte på DNT Kalhovd. Både Kalhovd og Mogen skal gjerast om til basehytter, med fokus på å halde på gjestene med nærliggande turar, framfor å sende dei vidare innover nasjonalparken. Les meir om Kyle sine tankar om endringane i eige intervju her. 

Ei kvinne og eit barn sit i ein togkupé og ser på kvarandre.
Marthe Isaksen (41) og Falk (8) på veg til Mogen.

Mange av gjestene på Fjellvåken denne dagen har kjøpt «høgfjellscruise», ein dagstur med Fjellvåken inn til Mogen der det blir servert lunsj. Det er også tid til å rekke ein av dagsturane rundt hytta.

Den framleis ferske drivaren av Møsstrond turisthytte, Eline Benneche Gulsrud, ynskjer å vere med i konseptet. No er målet å etablere eit Møsstrond pluss Mogen-cruise, der gjestene blir oppmoda til å bli verande i fleire netter og utforske begge stader. 

Sjølv om den eine er privat, og den andre ein del av DNT, er prisane på overnatting på dei to hyttene ganske like. Til saman har dei heile 80 sengeplassar å tilby. Mogen turisthytte er godt betent med matservering, medan på Møsstrond turisthytte står Gulsrud for det meste, og tilbyr eit meir sjølvbetent opphald.

Med mindre gjennomgangstrafikk og meir stasjonære gjester er det naturleg at målgruppa i større grad blir familiar og eldre, framfor friskusar på langtur. 

Så lenge det går

Denne sommaren stoppar difor Fjellvåken på Hovden, til glede for Gulsrud og gjestene hennar. Om det er liv laga i sommar kan det bli ei fast ordning i åra framover. 

– Det er berre heilt fantastisk, seier Eline Benneche Gulsrud når ho sprett om bord. Det er vanskeleg å seie kva som skin sterkast: sola, bølgetoppane eller tennene hennar. 

På programmet «Det er ingen skulle tru at nokon kunne bu» på NRK fekk heile Noreg bli kjent med historia om Eline, som saman med to born flytta frå Arendal til Møsstrond. Tvillingane som no er 9 år taklar det isolerte øylivet litt ulikt. 

– Dotter mi er litt meir tøffing, og søv mykje ute og utforskar åleine. Sonen min har lengta meir tilbake til Arendal i det siste, der han også har bestekompisen sin, fortel ho. 

Mannen til Gulsrud kan ikkje flytte til Møsstrond på grunn av jobben. Denne helga er ungane hjå han og besteforeldra i Arendal. 

– Det er nesten litt greitt, for då kan eg jobbe heile tida. Likevel saknar eg dei sjølvsagt, og gler meg til dei kjem alle saman, seier Eline. 

Søtbakst og sosiale medium

Praten rundt bordet på Fjellvåken går i høgt tempo. Det er mange ting som skil mellom å drive åleine som Gulsrud, eller vere ein del av ein organisasjon som O’Donoghue. Likevel er det mykje samsvar, med mange ballar, og bollar, i lufta. 

– Påska var ordentleg stress. Eg følte eg stod døgnet rundt og baka bollar! Ikkje er eg noko god til å bake heller, seier Eline. 

Kyle fortel om korleis dei på Mogen løyser bakinga, og deler nokre kanelsnurr-tips. Eline lyttar ivrig før ho sprett opp:

To personar sit på ein båt med raude benkar.
Eline og Kyle bruka båtturen til diskutere alt frå merknadsføring til bolle-baking.

– Kan eg berre gå å filme litt? spør ho, og forsvinn opp på dekk med telefonen. 

Samtala skiftar til sosiale medium, og korleis det har endra arbeidet med marknadsføring fullstendig. Kyle fortel korleis det har blitt vanleg for reiseselskap å betale influensarar for å tagge og lage innhald. Visit Rauland samarbeida til dømes nyleg med kontoen explorewithjohan på TikTok og Instagram. 

Eline kjem tilbake og kastar seg inn i diskusjonen. Ho har opplevd å kjøpe annonsar som får lågare sjåartal enn private videoar.

Dei diskuterer den sterke straumen av innhald på sosiale medium, og kor vanskeleg det er å bryte gjennom. Likevel kjennest det ikkje ut som at ein har noko anna val enn å dele aktivt. 

– Eg berre slenger ut, heile tida, er ikkje så nøyen på det, ler Eline som har planar om å filme ein del i dag.

– Taggar du oss etterpå? spør Kyle.

– Sjølvsagt. 

To personar på dekket ser ut over fjorden frå ein båt.
Eline er aktiv på sosiale media for å fortelje omverda om Møsstrond.
Hand peikar på eit oppslag med tekst på veggen.
Gulsrud sine barn er i slekt med Tone Killingtveit, ein av dei gamle drivarane på Mogen.

Sambruk og gjenbruk

Alt må haldast ved like. Mogen turisthytte enda opp med å bli restaurert, framfor å bli riven og bygd på ny, og den gamlelærarbustaden og skulebygget på Hovden har fått sårt trengt kjærleik av Gulsrud. Etter lunsjen går me langs Kvennavegen, også nyrestaurert. 

På spørsmål om det ikkje er litt råflott med oppussing til varmekablar og trerettars middag på turisthytter på fjellet, kjem svaret kjapt frå Eline. 

– Eg tenkjer at det må vere fint for at folk vil bruke det. Tenk om alle desse hundrevis av menneska som besøker i løpet av året skulle eigd kvar si fjellhytte i same standard? Nei, det at mange kan dele på dei gode fasilitetane må vel vere mykje meir berekraftig enn å bygge ut nye hyttefelt, seier ho. 

DNT og Gulsrud stiller seg bak ideen om delingsøkonomi og allmenn tilgang til naturen. Det kostar tid å pengar å halde ei hytte ved like. På turisthyttene kan ein senke pulsen utan å kjenne på alt som skulle vore gjort. 

– Eg kjenner faktisk fleire eldre som har valt å selje hytta si og heller bruke turisthytter. Då kan ein nyte naturen og hyttefreden, utan å tenkje på all jobben som følger med, seier ho.

Gulsrud brenn for gjenbruk, og har sett opp ein bruktbutikk på Møsstrond turisthytte. Pengane går til Leger uten grenser, og ho har så langt samla inn over 32 000 kroner. 

Kvinne sit ved vindauge i eit rom med treveggar og kart på veggen.
Gulsrud trur på ei hytte alle kan bruke framfor at alle skal ha kvar si hytte.


Powered by Labrador CMS