Sidan starten av januar har hunden Teddy, Viktor Benneche-Andersen, Eline Benneche Gulsrud og Elvira Benneche-Andersen budd på Hovden på Møsstrond. No blir dei snart å sjå i NRK-serien «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu».

Bytta ut byliv med øyliv. – Har aldri angra 

Ho bytta tryggleik med uvisse då ho flytta til Hovden på Møsstrond for å drive turisthytte. No bur Eline Benneche Gulsrud og tvillingane Elvira og Viktor midt i eventyret.

Publisert

I januar 2025 pakka dei tre saman livet i Arendal og flytta til Møsstrond. Eline (45) er eigar og dagleg leiar av Møsstrond turisthytte, og disponerer dei tre historiske bygga – lærarbustaden, skulen og internatet – med til saman over 800 kvadratmeter.

– Då me gjekk rundt her i haustferien i fjor, såg eg at denne plassen trengte litt kjærleik, smiler ho. 

Då vart avgjerda tatt – ho ville satse her.

Møsstrond turisthytte består av lærarbustaden, skulen og internatet – med til saman over 800 kvadratmeter.

Krevjande prosess midt i NRK-innspeling

Heilt ukjent er ho ikkje med Møsstrond. Mannen hennar bygde hytte på Hovden for om lag tjue år sidan, og dei har sidan den gongen vore her mykje. 

Eline fortel at ho alltid har hatt draumar om å pusse opp store hus og leige dei ut, eller starte hotell.

– Eg sa til mannen min at dette må me berre kjøpe, og at eg hadde tenkt ut ein plan. Eg er veldig impulsiv, til hans store skrekk. Då eg sa til han at eg skulle kjøpe dette, så skjøna han at det kom til å skje, seier ho og ler.

Eline har alltid hatt draumar om å pusse opp store hus eller starte hotell. – No blei eg endeleg «hotellsjef», smiler ho.

Dei tok kontakt med tidlegare eigar og styreleiar alt dagen etterpå, og prosessen med sal kom i gang. Men sidan kommunen hadde kjøpsrett, var det lenge usikkert om dei fekk kjøpe det.

– Eg følte at eg pussa opp og måla 10 timar om dagen, og så var det ikkje sikkert at me fekk kjøpe det ein gong. Så eg gjekk med ein klump i magen då eg flytta opp hit, og det vart ein del tårer i starten, vedgår Eline.

Eline kunne eigentleg tenkt seg å måle skulestova også svart. – Men folk er veldig glad i det raude, så me ville ikkje rokke ved det. Me prøvar å ta vare på historia, seier ho.
Alle bygga er måla utvendig. Internatbygget var tidlegare raudt - som skulen.
Det skal framleis sjå ut som ei tradisjonell turisthytte, men ho er mellom anna modernisert med svarte sofa- og stolputer og gardiner. Turisthytta er sjølvbetent, men har kafé i sesong.
– Det var ein tung prosess å pusse opp ein stad det ikkje er sikkert eg fekk lov å kjøpe. Eg vart veldig lykkeleg då svaret kom, seier Eline.

 Kommunen nytta seg ikkje av kjøpsretten.

– Og det skjønar eg godt! Det må vera gull for dei at nokon andre brukar sparepengane sine på å stelle detta i stand, smiler ho.

Kva kjente du på når den beskjeden kom?

– Då blei eg veldig lykkeleg! Men eg flata også litt ut. 

Då hadde dei nemleg også starta med innspelinga av «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» med NRK.

– Alt var veldig stress akkurat då. Det blei ein del grining på den serien der, seier ho og ler.

Sjølv om det var ein stressande periode, seier Eline at innspelinga med NRK var veldig morosamt og fint. Programmet kan ein sjå frå 12. desember. 

Eline seier det var ei fin oppleving å vera med i «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu», men grugleder seg til programmet blir vist. – Eg er spent på korleis det blir framstilt, og er redd for at det skal koma negative kommentarar, seier ho.

Eline håpar at fleire vil finne vegen til Møsstrond turisthytte etter at programmet blir vist. Ho håpar at det fyllast opp, slik at dei kan klare å leve av det. Likevel er ho tydeleg på at ho ikkje har som mål å bli rik på dette, men rik på opplevingar.

Har aldri angra

Eline hadde ein trygg, god jobb med god løn. Den sa ho opp for å fylgje draumen. Men ho er tydeleg på at det å røske opp alt, flytte frå alle du kjenner, familie og ein trygg jobb er mykje tøffare enn ein trur.

Har det hendt at du har angra i løpet av desse månadane?

– Aldri, seier ho momentant.

– Eg eig ikkje anger – eller fornuft, ler ho. Eg er ein impulsiv type, men står for dei tinga eg gjer og backar aldri ut, uansett kva det er. Det er noko som er i meg.

Samstundes meiner ho det er viktig å tenke nøye gjennom kor mykje ein risikerer.

– Ein må tenke gjennom om ein har råd til å satse og råd til å tape. Og sjølvsagt ha ein plan. Men eg tenker at viss ein jobbar på, så klarar ein det alltid. Ein må berre ikkje gje seg, og så tar alt litt lengre tid enn ein tenker.

Korleis var reaksjonane til familie og vener når dei fekk greie på at du ville satse her?

– Mange var nok litt negative og lurte på korleis eg skulle klare det, som ikkje kunne køyre skuter til dømes. Men det var mest frå dei perifere. Mine nærmaste veit at eg lærer meg dei tinga eg vil. Når eg går for noko så går eg veldig inn for det, seier ho.

Eline har sin metode for å fortøye båten. – Det er mykje å lære seg. Eg burde ha fylgt betre med når me var på hytteturar her, seier Eline og ler.

Mannen hennar bur og arbeider i Arendal, og er berre på Møsstrond annankvar helg. Eline innrømmer at det er krevjande, men seier samstundes at avstanden også har vore positiv for dei begge.

– Alt har gått på autopilot og rutine, så det er godt å koma seg ut av den bobla og tenke litt tydelegare, seier ho.

Samtidig peikar ho på at dei må legge planar for framtida. 

– Om han aldri kjem til å flytte hit, så må me heim igjen. Familien kjem fyrst, understrekar ho.

Livsendring

Den nye kvardagen er heilt annleis enn kvardagen dei hadde i Arendal. Eline fortel at ho har hoppa ut av det velkjente «hamsterhjulet». Det har vore ei livsendring. Dei har måtta tilpassa seg livet her oppe. Det er lengre veg til skule, butikk og lege. Alt må planleggast betre.

Sjølv om flyttinga har vore ei stor omstilling for familien frå Arendal, trivst dei godt på Møsstrond. Dei fortel at dei har meir tid saman og får eit nært forhold.

– Men me er mykje meir saman no, og får eit veldig nært forhold, seier Eline.

Ho har vakse opp med fjell- og fisketurar, og samla mellom anna på jig (kunstig agn for sportsfiske). Eline var veldig interessert i fiske, men interessa forsvann etter kvart. 

– Men det ligg nok noko i meg, for eg føler meg veldig heime her, seier ho.

Eline føler seg heime på Møsstrond.

Tvillingane Elvira og Viktor trivst også godt på Møsstrond, men vedgår at dei har sakna venene frå Arendal.

– Men me har jo fått nye, seier Elvira.

Den forlenga skulevegen er heller ikkje noko problem.

– Det går heilt fint, seier Viktor. 

– Og så er det veldig fin natur her, er dei einige om.

Eline synest barna har takla overgangen godt, og fortel at dei alle er meir utandørs, og at dei har meir tid saman som familie.

Begge barna har fått oppgåver på turisthytta. Viktor sin jobb er å ordne puter i stolane ute, og ynske velkommen til gjestene. Elvira har ei skattekiste med leiker, som barn som besøker hytta, kan velje seg to ting frå. Dei er også med å steike vaflar og hjelper til når det trengst.

Elvira med skattekista, som barn som kjem på besøk, kan velje seg to ting frå.
Elvira likar godt å vera ute, og har blitt god på å gå på stylter.
Viktor har ansvar for å få på plass puter i stolane ute.
– Det er bra å bu her, seier Viktor og Elvira.
For å koma til skulen, må dei fyrst med skuter eller båt over til Varland, før skulebussen køyrer dei til skulen på Rauland. Ein reiseveg på om lag ein time kvar veg. – Men det går heilt fint, konstaterer Viktor.

Mykje å lære

På spørsmål om kva som er det beste med å vera her, svarar Eline at det er stilla og fredsemda som gjer staden spesiell – at ein får sortert tankane. Men det dukkar stadig opp utfordringar. 

Møsstrond viser seg frå si beste side denne haustdagen.
- Det er som eit nytt postkort kvar morgon, seier Eline.

Eline fortel at ho i løpet av tida her har lært mykje og at ho stadig lærer nye ting. 

– Nokon ting må ein berre lære, og så lærer ein kanskje oftast på den harde måten. Eg velta jo på skuter i starten. Og så er det ganske tøft å køyre båt her. Det er verkeleg store bylgjer, og det var det ingen som hadde sagt til meg, seier ho og ler.

– Eg er ikkje så tøff i båt, men på dagar som denne går det greitt, seier Eline.

I løpet av sommaren og hausten har det vore ulike samlingar og kurs på turisthytta. Alt frå yoga, løpeteknikk og strikking. Eline presiserer at det ikkje er ho som held kursa og samlingane, men at ho organiserer utleige.

– Me ynskjer å leige ut lokala. Det er det som er ynskesituasjonen. For det å drive ordinær turisthytte på ei øy er litt meir komplisert, seier ho, og presiserer at det er ei sjølvbetent hytte.

Arrangementa har vore populære, og ho håpar at fleire får augo opp for å arrangere ulike ting på turisthytta.

Eline har prøvd å gjere staden litt meir moderne, men understrekar at det er viktig å halde fast på det opphavlege konseptet. 

– Me vil framleis at det skal vera ei turisthytte. Det er litt av sjarmen, og det blir aldri ein fjell-resort. Sjølv om det var planen min, ler ho.

Den energiske arendølen fortel om alle sine roller på Møsstrond turisthytte, som består av å vera dagleg leiar, vaktmeister, mor og vaskehjelp. Men ho føler likevel ho har mykje tid til overs. 

Eline fortel at livet på Møsstrond har blitt slik ho såg for seg, men at enkelte ting likevel har gjort inntrykk.

– Eg er overvelda over kor snille og hjelpsame folk er. Alle hjelper kvarandre for at ting skal gå rundt. Det er veldig fint. 

I skulebygget er det ein eigen bruktbutikk, der folk både kan donere og kjøpe ting. Pengane går til Leger utan grenser.

Viktig å marknadsføre

Ein vanleg dag på Møsstrond turisthytte kan variere. Når det er gjester der, brukar Eline tid på å prate med dei og frakte både folk og bagasje med sekshjuling. I kafésesongen går dagane med til å steike vaflar, koke kaffi og halde omvisingar i bygga. 

– Elles er det mykje vasking her, seier ho med eit smil. 

Denne utsegna finn ein inne på internatet.
Eline er opptatt av det vesle ekstra. Det skal vera lunt og hyggeleg å koma til Møsstrond turisthytte.
Møsstrond turisthytte (til venstre for midten) ligg fint til på Hovden. – Men eg skulle av og til ha ynskt meg litt meir boltreplass, og ikkje vera avhengig av skuter eller båt, seier Eline.
Frå tunet kan ein sjå Gaustatoppen.
– Eg er nøydd til å dele av livet her, for at folk skal bli nysgjerrige og ha lyst til å koma, smiler Eline.

Når det ikkje er folk på hytta, går tida gjerne med til måling, rydding og planlegging. Ho brukar òg mykje tid på marknadsføring.

Eline fortel at ho alltid har hatt ein liten gründer i seg. Ho meiner det krev både pågangsmot og stamina, men er også opptatt av å gjera kvardagen så morosam som mogleg. For henne handlar det ikkje om store grep, men om å gjera noko godt for seg sjølv kvar dag. 

Trass i at ho er mykje aleine, kjenner ho ikkje på einsemd. Ho held tett kontakt med vener og familie over telefon, men set også pris på stilla rundt seg. 

– Eg er så energisk, og brukar meg så utruleg opp, fordi eg skal hjelpe alt og alle. Her får eg roa ned, og det gjer meg godt. Eg vil anbefale alle som har mykje på gang i livet, å ta turen hit. Det kjennest som ein liten retreat, seier ho.

For Eline har dette vore heilt rett akkurat no. Ho ser ut over Møsvatn og smiler.

– Eg føler at eg får meir meining i livet her oppe.

– Eg føler at eg får meir meining i livet her oppe, seier Eline.
Powered by Labrador CMS