Rekordhøge tal på nett-TV

Eline Benneche Gulsrud.

Nesten ein halv million har sett episoden om Eline på turisthytta

Torsdag blir Eline Benneche Gulsrud på Møsstrond turisthytte å sjå på lineær TV for fyrste gong. 

Publisert

 Arendalitten Eline Benneche Gulsrud sitt nye liv i høgfjellet, der ho prøver å drive ei turisthytte på ei øy i Møsvatn, er blitt ein hitt i «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu». Fire veker etter at episoden blei lagt ut på NRK sin strøymekanal i desember har den blitt sett av 440 000. 

– Aldri før har så mange sett «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» i strøyming på så kort tid, opplyser NRK i ei pressemelding. 

I desember var «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» den nest mest sette programserien i NRK TV, berre slått av «Nissene i skjul». 

Episoden om Gulsrud opplever sjåarsuksessen alt før programmet har premiere på NRK1. Torsdag 15. januar blir episoden om turisthytteeigaren sendt lineært for fyrste gong. 

- Det er gledeleg at så mange er blitt fascinert av det spesielle livsvalet Gulsrud tok. Å flytta til høgfjellet med borna for å driva ei turisthytte er ikkje for alle. Spesielt ikkje når mannen må bli att i byen. Folk blir imponert over at Gulsrud torer å følgja draumen, seier prosjektleiar Noralv Pedersen i ei pressemelding. 

I fjor vann «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» Commended-pris i den europeiske kringkastingsprisen Prix Circom 2025. Programserien blei også nominert til tre Gullruten-prisar i 2025. 

Powered by Labrador CMS