Politiet: Har gjort funn av død person
Politiet har sundag gjort funn av ein død person i Tokke. Funnet er sett i samanheng med kvinna som har vore sakna sidan 29. november.
Det melder politiet sundag ettermiddag.
Pårørande til den sakna kvinna er orientert. Ifølge politiet er personen funne i eit svært krevjande terreng, og det blir nå planlagt å hente personen ut ved bruk av luftressursar. Planen er å få gjort dette på ein sikker måte så snart som mogleg.
Sundag 30. november vart ei kvinne meldt sakna etter at ho dagen før reiste på treningstur ved Lårdalsstigen i Tokke kommune.