Magnus Helle frå Vinje skal i haust spele «Spillet».

Magnus (30) frå Vinje er med i «Spillet» på TV2. – Dei trong vel ein heilt normal vinbyggje

Magnus Helle frå Åmot er blant deltakarane i «Spillet» på TV2 som startar i haust. 

Publisert Sist oppdatert

– Eg melde meg på «Spillet» fordi kombinasjonen av strategi, psykologi og sosialt spel verka spennande. I tillegg såg er på dette som ein unik moglegheit til å teste meg sjølv under press – og ha det gøy undervegs.

Slik presenterer Magnus Helle seg i pressemeldinga TV2 sende ut tysdagsmorgonen.  

30-åringen bur i Oslo og jobbar som journalist i NRK Sporten. Tidlegare har han jobba i VG Sporten og Viaplay – i tillegg til ein periode i Vest-Telemark blad. I fjor reiste han på fem månaders tur i Sør-Amerika, og det var her han blei merksam på annonsen frå TV2 om å delta i «Spillet». 

– Eg er jo ein eventyrar og tenkte kvifor ikkje …

Helle var ein av dei 3000–4000 som kom gjennom nålauget. 

– Dei trong vel ein heilt normal vinbyggje, seier Helle med eit smil. 

Han kallar opplevinga i Spillet-huset som veldig artig og overraskande intenst. 

– Det var litt som å bli kasta inn i ei spesialklasse med ulike karakterer. Slik ser vel dei andre på det om meg også, seier han.

I morgon skal han vera med på TV2 si haustlansering i Bergen. Her får dei ein liten smakebit av det som kjem på TV frå oktober. For sjølv om han gjennom jobben er vand med å vera på TV blir dette noko heilt anna. 

– Openbart ei heilt ny oppleving, ja!

Tredje sesong

Onsdag 1. oktober er «Spillet» tilbake på TV 2 Play og TV 2 Direkte. I tredje sesong av den psykologiske realitysuksessen er det ikkje lenger kjende folk som kjempar om sigeren. No står 15 heilt nye deltakarar, plukka ut blant fleire tusen søkjarar frå heile landet, klare til å teste både seg sjølve og kvarandre i kampen om ein pengepremie som potensielt kan endre livet deira.

– Dei to første sesongane gav sjåarane fantastiske augeblikk med profilar me kjende frå før. Denne gongen møter me ein heilt ny samansetnad av sterke personlegdomar – og det gjev årets sesong ein ny type spenning og uforutsigbarheit, seier programredaktør Trygve Rønningen i TV 2 i pressemeldinga.

Strategi, moral og eliminering

«Spillet» er eit psykologisk konkurransedrive realityprogram der berre éin deltakar kan stå att som vinnar. Kvar dag må deltakarane gjennom tre avgjerande utfordringar:

  • Eit spel som testar sosiale ferdigheiter og strategi

  • Eit dilemma som utfordrar moral og verdiar

  • Ei nervepirrande eliminering der éin må forlate spelet

Som i tidlegare sesongar blir deltakarane frakta til ein hemmeleg destinasjon. Der må dei navigere i ein intens miks av samarbeid og svik, alliansar og rivalisering. Vinnaren av dagens spel får både pengepremie og immunitet mot kveldens utstemming.

Suksessen held fram

Den første sesongen av «Spillet», som hadde premiere på TV 2 våren 2024, samla i snitt godt over éin million sjåarar, medan sesong 2 frå i vår er sett av nærmare 900.000 sjåarar i snitt. Begge sesongane har vunne Gullruten-prisar for beste konkurransedrivne reality, og har bidrege til å styrke TV 2 si posisjon innan sjangeren.

Rønningen meiner sesong 3 av «Spillet» har alle ingrediensane som skal til for å bli ein sjåarfavoritt også i haust.

– Me har plukka ut ei gruppe deltakarar som representerer heile breidda av Noreg. Denne samansetnaden gjer at me får eit uforutsigbart og dynamisk spel, der me verkeleg får testa både moral, samspel og strategiske evner. Og «Spillet» byr også denne gongen på spennande og overraskande nye vriar, fortel Trygve Rønningen.

Panelet er tilbake

Observatørpanelet med Harald Eia, Truls Svendsen, Alexandra Joner og Martine Lunde skal følgje dramaet tett gjennom alle 12 episodane. Dei analyserer deltakarane sine taktiske trekk, moralske val og til tider uforståelege stemmegjevingar.

Frå venstre: Eren Andre Gjægtvik, Melody Hamre, Jon Gerald Kristiansen, Magnus Helle, Tove Hasselquist Evensen, Martine Krafft, Simen Bondevik, Emma Aldal Sætre, Binyamin Abdulkadir Mahamoud, Lene Larsen, Amalie Elea Olin Lundstad, Einar Øgrey Brandsdal, Lotte Hoel, Dan Kolltveit og Alberina Gashi
Powered by Labrador CMS