Arrangement på Vinjehuset er ei av oppgåvene som den nye avdelingsleiaren vil få ansvar for. Dette biletet er frå folkemøtet «meining, mat og mot», som trekte kring fire hundre besøkande til Vinjehuset i slutten av februar.

Lyser etter leiar for arrangement og aktivitet

Den nye avdelingsleiaren i Vinje må rekne med litt kveldsarbeid, sidan ei av oppgåvene er å vere vertskap ved arrangement, møte og kurs.

Det er ei hundre prosent fast stilling som nå vert lyst ut, og den som får jobben vil mellom anna få ansvar for den daglege drifta av kulturhus og samfunnshus, og for å planlegge og gjennomføre innhald og tilbod i desse husa.

Ei anna av oppgåvene blir å utvikle ein arrangements- og aktivitetsplan for heile Vinje, i samarbeid med eininga for kultur, næring og fritid

– Vinje kommune ønskjer å vidareutvikle kultur–, idretts– og fritidstilbodet i heile Vinje kommune. Ein avdelingsleiar for arrangement og aktivitet i Vinje kommune vil få ansvar for innhaldet ved kommunale kultur-, fritids- og aktivitetsarenaer, og vil med det vera ein viktig pådrivar for gode arrangement, tilbod og aktivitetar i regionen, skriv kommunen i utlysinga.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS