Lars Erik Storm Loraas

Lars Erik er ny leiar i kommunen

Lars Erik Storm Loraas er tilsett som ny kommunalsjef for kultur og oppvekst i Fyresdal kommune.

Publisert

Det melder kommunen på heimesida si. Den nye kommunalsjefen har kome med ei helsing til fyresdølane i samband med tilsettinga. 

– Eg er både stolt og audmjuk over tilliten eg har fått, og ser verkeleg fram til å bli ein del av Fyresdal kommune, skriv han. 

Storm Loraas er 35 år og bur i Skien med kone og tre barn. Dei siste åra har han jobba som undervisingsinspektør ved Gimsøy skule. Han skriv vidare at han dei siste tre åra har vore leiarrepresentant i Utdanningsforbundet Telemark. Storm Loraas har også erfaring frå Skien kommunes kriseteam. 

– Desse erfaringane har gjeve meg brei innsikt i leiing, organisasjonsutvikling, tverrfagleg samarbeid og utvikling av menneske, organisasjonar og gode tenester, blir han sitert på kommunes heimeside. 

Han ser fram til å bidra til at oppvekst- og kultursektoren i Fyresdal kommune skal vera godt rusta til å møte framtidige behov, samstundes som dei tar vare på dei kvalitetane som gjer Fyresdal til ein god stad å bu og vekse opp. 

Powered by Labrador CMS