Vråliosen hotell vart bygd i 1895.

Kjøpte hotellet og direktørbustaden for 3,5 millionar

Etter hektiske bodrundar vart Vråliosen hotell og direktørbustaden måndag seld samla. For båe bygga må den nye eigaren ut med 3,5 millionar.

Publisert Sist oppdatert


Like før jol vart Vråliosen hotell lagt ut for sal og på laurdag var det visning.

Inne i Vråliosen hotell

– Det var folkevandring , seier Anette Cathrine Vindum om oppmøtet.

Eigedomsmeklaren i Krogsveen reknar med at det var mellom 70 og 80 personar innom for å sjå på hotellet.

Ho trur fleire av dei som kom var nyfikne og nytta sjansen til å kome inn for å sjå på det historiske hotellet, men det var også fleire seriøse kjøparar, og totalt var fire bodgjevarar med på bodrundar i dag. 

Direktørbustad

Huset som ligg like ved, som tidlegare var bustad for hotelldirektøren, var også til sals. På dette huset vart det også bodrundar med fire ulike interesserte.

Vråliosen hotell og direktørbustaden (t.h.) vart i dag seld.

Seljaren valde å selje til ein som ville kjøpe både hotellet og bustaden samla. Prisen på hotellet enda på 1,8 millionar og 1,7 millionar for einebustaden.

Vindum kan ikkje seie kven som har kjøpt bygga. Kva planar den nye eigaren har er ho også usikker på, men ho trur intensjonen er ei form for hotelldrift.

Spennande

Det er Eva Wenche Mellquist som har eigd dei to bygga. Ho kjøpte dei saman med ektemannen ein gong på 90-talet. Planen var då at hotellet skulle fungere som feriestad for dei tilsette på Smuget, utestaden ekteparet dreiv i Oslo.

– Men nå kunne eg ikkje ha dei lenger. Dei har blitt ståande for lenge aleine, seier ho.

Mellquist er nå 80 år og bur i Drøbak. Ho meiner Vråliosen hotell er eit landemerke, og håper bygga kjem til å bli tatt vare på.

– Eg er fornøgd, seier ho om salet.

Birgith Reinskås Lunden var ei av dei lokale i Vråliosen som engasjerte seg for å redde hotellet i fjor vår. Ho opplever at svært mange er opptekne av at praktbygget i Vråliosen blir tatt vare på, og er veldig glad for at det ikkje vart flytta ut av bygda.

At begge eigedomane vart seld til same eigar meiner ho er positivt.

– Dette blir utruleg spennande, seier ho.



Powered by Labrador CMS