Første arbeidsdag på «nytt» kontor
Ny base for heimesjukepleia i Seljord skal stå klar neste år. Då må tilsette i kommuneadministrasjonen, som har hatt kontor i den gamle Nav-delen, flytte ut.
Det er snart tomt i den gamle Nav-delen av kommunehuset i Seljord. Alle som har hatt kontor der har nå flytta over til den andre delen av huset. På nyåret startar oppussinga av den gamle Nav-delen, og i juli 2027 skal den nye basen for heimesjukepleia, som skal koste rundt 20 millionar kroner, stå klar.
– Det blir ei mellombels kontorløysing i byggjeperioden, seier ordførar Solveig Sundbø Abrahamsen, og legg til at dei tilsette er løysingsorienterte og positive.
Dei tilsette må nå klare seg med mindre plass eit år eller to, men det er ingen som klagar. I alle fall ikkje den første dagen.
– Det er første dagen i dag, ja, fortel Charlotte Sauer og Ingvild Haugerud Øverland.
Dei har hatt kvart sitt kontor i den gamle Nav-delen, men med opne kontordører.
– Me er vande med å jobbe i team, så det blir ikkje så store forandringa, seier dei.
Blir betre
I gangane står det møblar, ting og tang. På eit kontor står Atle Bjørge, frå teknisk drift og vedlikehald, og skrur.
– Me må flytte litt og tilpasse for dei tilsette. Me deler store kontor i to for å få to celler. Det blir litt komprimert ein periode, fortel han.
– Korleis er det å setje opp alt dette og så skal det rivast igjen etterpå?
– Eg veit jo at alt kjem til å bli betre etterpå. Eg har sett opp mykje som blir rive igjen etter nokre månader, smiler han.
Anne May Selstø er fagutviklingssjukepleiar, og ho har også akkurat flytta inn på «nytt» kontor.
– Eg tenker det skal gå fint å dele kontor, seier ho.
Kommunedirektør Beate Våge Lia seier det blir litt meir «kompakt» på kommunehuset ein periode.
– Men det trur me skal gå bra!