Inviterer lokalbefolkninga: F.v.: Dagleg leiar Kristin Larsen, avdelingsleiar ski/servering Guri Solbu, teknisk sjef Håvard Bjørke og avdelingsleiar administrasjon Wenche H. Ødegård ynskjer innbyggjarane i Vinje velkomne til innbyggjardag i skisenteret.
Privat
Inviterer til innbyggjardag i skisenteret. Lokkar med gratis heiskort til alle i kommunen
Rauland Skisenter fyller 40 år denne sesongen og det blir markert med både store og små arrangement. Som del av markeringa inviterer dei til innbyggjardag i skisenteret.
Fyrstkomande sundag inviterer skisenteret til ein innbyggjardag, der dei tilbyr gratis heiskort til alle som har registrert bustadadresse i Vinje kommune.
– Skisenteret har vore ein viktig arena for mange lokale familiar gjennom åra, og me er svært glade for at så mange av innbyggjarane våre har bruka tilboda våre i generasjonar. Denne innbyggjardagen er ein fin måte å markere jubileet på, seier dagleg leiar Kristin Larsen.
Ho håpar at mange vel å nytte seg av tilbodet denne dagen, og håpar at også dei som ikkje har for vane å vera i skisenteret, tar turen.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP