Russebilen til «Sidequest» vart kåra til «Årets van». Oliver Knarud (f.v.), Gediminas Suchovinskis, Kasper Hilsen, Abdi Lognvik Vartdal, Viljar Hvitsand, Nico Johnsen, Asgeir Nevestveit (framme) og Eirik Slåkvik viser stolt fram både bil og pokal.

Fekk gjæv pris på russetreff. – Det var kjempestas!

Russegruppa Sidequest, som mellom anna består av tre vesttelar, har lagt ned mange dugnadstimar for å bygge russebil – og tatt han på roadtrip gjennom 14 land. I helga vart bilen deira kåra til «Årets van» under russetreffet på Fredriksten festning i Halden.

Publisert Sist oppdatert

Oliver Knarud, Gediminas Suchovinskis, Kasper Hilsen, Abdi Lognvik Vartdal, Viljar Hvitsand, Nico Johnsen, Asgeir Nevestveit, Eirik Slåkvik, Sander Tørre Strøm og Viktor Larsen er avgangselevar ved Bø vidaregåande skule i år, og utgjer gruppa «Sidequest». Dei viser stolt fram bilen sin – òg pokalen dei vann.

– Det var kjempestas!, seier dei.

– Me hadde ei lita aning om at me kunne vinne, men prøvde å ikkje vera for optimistiske på førehand, seier Abdi Lognvik Vartdal frå Flatdal.

Russegruppa kjøpte bilen for 40 000 kroner, og har sjølve bygd og reparert det meste. Totalt har dei lagt om lag 80 000 kroner i vanen, der rundt 30 000 har gått til lydanlegget. Alt arbeid er gjort på dugnad, og dei har lenge jobba dugnad for å tene pengar for å bruke på bilen.

– Mykje av verdien ligg i arbeidet, seier dei. 

– Når me sel bilen etter russetida, får me truleg att heile summen me har brukt, legg dei til.

Eirik Slåkvik (t.v.), Abdi Lognvik Vartdal og Sander Tørre Strøm er dei tre vesttelane i russegruppa. – Me har vore ein tur til Flatdal, elles køyrer me ikkje så mykje rundt i Vest-Telemark, seier dei.

Europaturné

Bilen har alt vore mange mil på vegen etter at gutane kjøpte han i fjor vår. I fjor sommar tok dei nemleg ein roadtrip gjennom Europa. På to veker rakk dei innom 14 land, og brukte ei veke på reisa ned til Italia, før dei var ei veke der og køyrde heim igjen. Namna på landa dei besøkte er måla på bilen.

På turen gjennom Europa i fjor sommar, var dei innom 14 land på to veker.

– Me hadde vanen, og hadde ikkje noko betre å finne på, fortel ein av gutane.

– Som oftast køyrer ein ikkje noko særleg med bilen før russetida, men me syntest det var moro å bruke han når me fyrst hadde han. Så me bestemte oss for å køyre gjennom Europa som eit skikkeleg eventyr, seier Oliver Knarud.

På turen opplevde dei berre eitt problem med bilen. 

– Han skremte oss litt i Belgia, men me fekk fort fiksa det med litt aluminiumstape, forklarar dei. 

Elles gjekk alt knirkefritt, og har gjort det sidan.

Gler seg til nytt landstreff

Ifølgje Eirik Slåkvik frå Seljord var det kombinasjonen av godt konsept, den spesielle europaturen og god stemning som gjorde at dei vann i Halden.

Anlegget får også ein god del av æra for sigeren. Heile anlegget er spesialbygd på mål.

– Sidan alt er bygd etter mål, så tok det nokre månadar. Men det var verdt resultatet, seier Kasper Hilsen. 

– Målet vårt var å gjera det så bra som mogleg – så billig som mogleg. Me hadde den desidert billigaste vanen, men likevel vann me. Det seier litt. Ein må ikkje bruke mykje pengar på russetida, legg han til.

No gler dei seg til neste russetreff, som er det store landstreffet i Stavanger. 

Der har dei også meldt på vanen sin i ulike kategoriar, og håpar på ny suksess.

– Eg trur me er meir optimistar enn mange andre, smiler Abdi.

– Det hadde vore moro å vinne noko der også, seier Viljar Hvitsand.

– Me skal skape god stemning og spele god musikk. Eg trur ein av grunnane til at me vann sist, var at me laga god stemning, legg Abdi til.

I bilen speler dei alt frå russelåtar til country og gamle 90-talslåtar. Stemninga i gjengen er god, og dei fortel at det er lite usemje om musikken. Det er heller ikkje mykje negativ respons på at dei er russ.

– Det er overraskande kor imøtekomande mange av dei eldre er. Det er ikkje berre fy-fy liksom. I Halden var det mange eldre menneske som synest det var hyggeleg at me var der, seier Viljar. 

– Det tenkte eg på også. Det var mange som sa det var viktig å kose seg. Det var litt overraskande, eigentleg, seier Eirik.

Etter russetida skal bilen seljast, og dei har ingen planar om fleire langtur-eventyr med den gamle Forden.

– Skulle me reist til Italia igjen, hadde me nok valt ein bil som kan køyre i 100 km/t på Autobahn, smiler Abdi.

Powered by Labrador CMS