Elevane får opplæring i tradisjonelt handverk
Ungdomstrinnet ved Åmot skule deltek i år i Stålekleivprosjektet ved Eidsborg museum. Her får elevane praktisk opplæring i tradisjonelt handverk ved å bygge ein kopi av andre etasjen av det gamle loftet.
– Me er takksame for samarbeidet med museet, og dette er eit tilbod til elevane som har valt arbeidslivsfaget. Elevane er motiverte for å lære praktiske fag og ønskjer å gjera noko anna enn berre å sitje og høyre på teori på skulen, fortel inspektør Halvor Otterholt ved Åmot skule.
Sag, hamar og øks
Otterholt er oppteken av tradisjonar og at elevane lærer grunnleggjande ferdigheiter. Denne dagen stod lafting av loftet på programmet. Elevane fekk mellom anna lære å skala av ein tømmerstokk som skulle brukast i laftinga. Av omsyn til plass og tryggleik har museet avgrensa talet på elevar kvar gong.
– Me håpar å halde fram samarbeidet med museet også på nyåret. Eg meiner det er viktig at elevane lærer å meistre grunnleggjande reiskapar som øks, hamar og sag. Samstundes treng me fleire handverkarar i framtida, og gamal kunnskap må ikkje gå i gløymeboka, seier Otterholt.
Vil ha meir praksis enn teori
Tiandeklassingen Iver Øyre Aaland synest det kan bli for mykje teori i skulen. Han er svært motivert for å byrja på TIP-lina (teknologi- og industrifag) ved Vest-Telemark vidaregåande skule på Dalen neste år.