Tore Godal fekk verda som arbeidsplass, men har alltid hatt med seg Rauland på vegen.

– Eg har vore driven av ei eventyrlyst

Tore Godal (86) hadde eigentleg planar om å bli distriktslege i heimbygda. I staden blei han ein av dei mest innflytelsesrike legane i verda – og har vore med på å redde millionar av liv.

Publisert Sist oppdatert

Nyleg var han attende på Rauland. Aashild Sørheim har skrive boka om livet til Godal. Meir enn 90 personar møtte opp på bokbad på Raulandsakademiet for å høyre meir om «Norges dyreste mann».

– Det var veldig hyggeleg, seier han om å vera på heimebane.

Sterkt band til heimbygda

Godal vart fødd på prestegarden i Rauland i 1939. Her budde han dei sju fyrste leveåra saman med foreldra Randi Bojer og Odd Godal, og tre søsken – Ingvald, Jon og Ellen. 

Søskena Godal på 1950-talet, Ingvald (f.v.), Ellen, Tore og Jon.

Noko av det som har gjort mest inntrykk frå oppveksten er kor likestilt samfunnet var.

– Eg opplevde miljøet i Rauland som veldig egalitært. Alle var like fattige, og det var ikkje noko klasseskilje, seier han.

Det som betydde noko, var om du hadde kunnskap – om du var ein god felespelar, forteljar eller handverkar. Det blei verdsett, seier han.

Er det nokon spesielle minne frå dei sju åra på Rauland?

– Det er klart at krigen sit sterkt. Eg hugsar når det kom engelske fly i formasjon, me såg at det var noko som kom ut av flyet, og me var livredde for at det var ei bombe. Me sprang opp i skogen, men så viste det seg at det var ein tom surstofftank, seier han.

Sjølv om livet førte han langt ut i verda, har bandet til Rauland halde seg sterkt. Godal skildrar bygda som den vakraste staden han veit om, med det vide Totak og fjella rundt.

– Og då eg kom ut i verda, mellom anna til Afrika, kjente eg igjen mange av dei trekka som me hadde i Rauland. Eg har nok hatt med meg tanken om at folk er like og at det handlar om kva dei kan, ikkje om dei er rike eller fattige.

Han er ikkje ofte i bygda lenger, kanskje ein gong i året, men understrekar at bandet er sterkt.

– Eg føler at det er her eg høyrer til.

Tore Godal

Er ein norsk lege med ein omfattande karriere nasjonalt og internasjonalt med arbeid for global helse og vaksinasjon.

Han var ein av initiativtakarane til GAVI (Global Alliance of Vaccination and Immunization), som vart etablert i 2000. Han var leiar for alliansen i seks år.

I 1970 flytta han til Etiopia for å forske på lepra ved det nyoppretta Armauer Hansens forskingsinstitutt. 

Frå 1974 var han laboratoriesjef for immunlaboratoriet ved Radiumhospitalet.

Han var formann i Verdshelseorganisasjonens (WHO) styringsgruppe for forsking innan lepraimmunologi i perioden 1975 til 1980 og tuberkuloseimmunologi frå 1983. 

I 1986 blei han avdelingsdirektør for WHO for programmet om forsking og undervisning innan tropesjukdommar.

Han har vore spesialrådgjevar for Gro Harlem Brundtland i WHO, har jobba på Statsministerens kontor, og som spesialrådgjevar for global helse i Utanriksdepartementet.

Frå 2018 jobba han ved Folkehelseinstituttet.

Godal fekk Kongens fortenestmedalje i 2019, for sin livslange innsats for globalt helsearbeid og vaksinering.

Kjelde: snl.no

Styrt av spenning og utfordringar

Planen var opphavleg å bli distriktslege i Rauland. Godal trur det kunne blitt eit godt liv.

– Eg fann det veldig attraktivt å vere lege for ei befolkningsgruppe, og ha ansvar for alt frå ernæring til hygiene, seier han.

Men ei stilling ved eit forskingsinstitutt for spedalske i Addis Abeba endra kursen. Derfrå utvikla karrieren seg vidare innan global helse. I fleire tiår har han vore sentral i det globale arbeidet mot epidemiar og sjukdommar som malaria, tuberkulose, aids og ebola. 

Planen var å bli distriktslege i Rauland, men i staden vart internasjonalt folkehelsearbeid livsvegen for Tore Godal.

Han har vore ei drivkraft bak store internasjonale satsingar som vaksinealliansen Gavi, som sidan 2000 har medverka til å vaksinere meir enn 1,1 milliardar barn, og organisasjonen CEPI. Dei overvakar moglege utbrot av globale pandemiar, og har som mål å kunne produsere ein vaksine i løpet av 100 dagar ved eit utbrot.

Vegen frå Rauland og planen om å bli distriktslege her, til verdstoppen innan global helse, korleis vart han til?

– Eg skuldar på mor. For ho fortalde oss mange eventyr, smiler han.

Han fortel at han i stor grad var styrt av spenning og utfordringar.

Då han vart 40 år, måtte han ta eit val om han skulle bli distriktslege eller gå vidare med forsking.

– Eg skjøna at eg ikkje kunne gjere alt. Det vart eigentleg ei krise, for då måtte eg bestemme meg.

Han bestemte seg for forsking.

Har du angra nokon gong?

– Nei, kjem det kontant.

Motstand som drivkraft

Når han ser tilbake, er det ofte motstanden som har ført til dei største resultata.

– Eg har lika å få motstand. Då har eg skjøna at «no er du inne på noko viktig, Tore».

Eit døme er arbeidet med myggnett mot malaria. Då han som var leiar for malariaprogrammet i WHO (Verdas helseorganisasjon) sa at myggnett var bra i ein situasjon, men ikkje i ein annan, vart Godal «ordentleg ergeleg».

Då tok han initiativ til å lage eit forskingsstudium, der dei la om lag 1 million barn under myggnett. 

– Det var ei god fagleg undersøking, og det viste seg med stor statistisk signifikans at med myggnett redda me kvart femte barn.

Resultata førte til endringar i WHO si tilnærming og auka satsing internasjonalt. Etter kvart vart dødelegheita frå malaria halvert.

Du har uttala at noko av det mest utfordrande har vore å få folk til å tenke nytt?

– Ja, det er akkurat det. Og dette er eit eksempel på det.

Tore Godal saman med barn i Mozambique, som står oppstilt i kø for å få vaksine på tunga av lokale helsearbeidarar.

Held seg i kulissane

Godal blir av det velkjende medisinske tidsskriftet «The Lancet» omtala som ein av dei mest innflytelsesrike legane gjennom tidene innan global helse. Jens Stoltenberg har uttala at han er den nordmannen sidan Fridtjof Nansen som har bidratt til å redde flest liv. 

Korleis er det å få slike skotsmål?

– Det er klart at det er veldig hyggeleg, men eg har eigentleg ikkje tendens til å sjå bakover. Eg ser framover, og er opptatt av å finne løysingar på problem som er no. 

Tittelen på boka er eit sitat av Jens Stoltenberg. «Ingen andre kunne overbevist meg om å bruke milliarder av kroner på barnehelse og mødreomsorg. Tore overbeviste meg. Den dyreste nordmannen i historien», uttalar Stoltenberg i boka.

Du har gått litt under radaren for folk flest, har det vore bevisst?

– Ja. Fordi eg har observert at dei som slår seg på brystet og er i front, gjer at folk ofte blir mistenksame på saka det gjeld. Derfor har eg funne ut at det er betre å halde seg litt under radaren, og la andre skine. På den måten får ein med seg eit større engasjement hos andre.

Han har fått med seg nasjonale og verdsleiande politikarar, Verdas helseorganisasjon og Verdsbanken, for å nemne nokon.

Han meiner tillit er avgjerande for å få gjennomslag.

– Du må vere faktaorientert og heilt ærleg. Snakke om det som er bra, det som ikkje er bra, og det me ikkje veit. Tillit er heilt avgjerande, og det får du berre ved å vera heilt ærleg.

Han meiner også at alle store, positive ting som har skjedd i verda, eigentleg er basert på frivillig innsats. 

– Det er det som har vore nyskapinga og gjennombrotet, seier han.

Får kick av nye idear

Gjennom arbeidet med vaksinar har Godal vore med på å bidra til at over éin milliard born er vaksinerte, og millionar av liv er redda. For han er det nettopp resultata som betyr mest.

– Det er veldig tilfredsstillande, fordi du kan vise til at det har gitt resultat. Viss ikkje hadde eg slutta, seier han.

Sjølv i ein alder av 86 år er han framleis aktiv i forsking og prosjekt, særleg innan vaksineutvikling.

Han peikar på nye metodar som kan bli avgjerande, mellom anna vaksinar som kan gjevast som nasedropar.

– Då får du immuniteten der viruset kjem inn, og slår det ned «i døra», forklarar han. 

– Viss me kan få til det for sjukdommar som kjem via luftvegane, vil det vere eit fantastisk gjennombrot. 

Han trekkjer også fram bruk av kunstig intelligens til å utvikle betre og meir treffsikre vaksinar.

Kva er det som driv deg, til å framleis vere opptatt av dette og jobbe med dette? 

– Det eg får kick av er nye idear. Det ligg vel i genane mine. No om dagen får eg mest kick av alt det lure andre finn på, smiler han.

Godal seier han får kick av nye idear, men understrekar at det han får mest kick av no om dagen er alt det lure andre kjem på.

Når det gjeld framtida, trekker han fram tre globale helsetruslar: Trusselen om ein ny pandemi, antibiotikaresistens, og bioterrorisme.

Bioterrorisme er at ein kan lage virus bevisst, som vil påføre sjukdom.

– Nye metodar kan brukast til bra ting og til dårlege ting. Med dei metodane me har, kan det hjelpe til med å nedkjempe desse tre tinga, seier han. 

Han meiner Noreg og verda ikkje er godt nok førebudde på ein ny pandemi.

– Me har ein syklus med panikk når pandemien kjem, men så neglisjerer ein å gjera dei tinga som skal til for å førebygge den neste, seier han.

Han understrekar også behovet for sterkare europeisk samarbeid på området med å lage vaksinar.

Gevinst ved å ta risiko

Godal fortel at han er doven av natur, og opptatt av å finne den lettaste vegen til mål. Likevel er det aktivitetar som ski og sykkel han nemner når han får spørsmål om kva han er mest glad i å drive med når han ikkje jobbar.

– Eg lika godt å gå på ski, seier han, som i ein alder av 75 år kjøpte seg rulleski – og bruka dei mellom huset øvst i Holmenkollen og kontoret i sentrum.

Etter eit fall som enda med hjerneristing, har dei fått stå i ro. Etter ein skitur i joli, har også langrennsskia stått.

– Balansen var såpass dårleg, så eg var glad då eg tok av meg skia igjen. Det er slik det blir etter kvart. 

Han fortel at han ofte sykla til og frå jobb.

– Når eg kom heim, kunne eg slappe heilt av. Med veldig få unntak, har eg ikkje jobba på kvelden. Då likar eg at tankane kan gå, seier han.

Når han skal oppsummere livet sitt med eitt ord, blir han tenkande.

– Eg har i alle fall vore driven av ei eventyrlyst, seier han. 

Og rådet til andre frå små bygder som kjenner på eventyrlyst, er tydeleg. 

– Ta sjansen. Det er alltid risiko med å gjera noko, men det er viktig å vera villig til å ta den risikoen, for då får ein også gevinsten, ved at det er spenning, smiler han.

Godal likar seg godt på Rauland. – «Det æ her eg høyrer te», seier han på klingande raulandsdialekt og tar seg til bringa.
Powered by Labrador CMS