Open skule i Åmot
Gjer elevane bevisste på verda utanfor Noreg
Elevane ved Åmot skule har lagt ned ein stor innsats for årets TV-aksjon. «Open skule» onsdag kveld gav om lag 42 000 kroner i kassa. Med arbeidsdagen til ungdomsskulen har dei samla inn om lag 57 000 kroner.
Rektor Gisle Bonna Espedalen ved Åmot skule var spent før folk kom til «Open skule» onsdag kveld. Resultatet kunne han vera godt fornøgd med. Elevane samla inn om lag 42 000 kroner.
Årets TV-aksjon går til NRC Flyktninghjelpa. Åmot skule tjuvstarta innsamlinga med sal av lodd, pylser, kaker, kort, popcorn, saft, nøkkelringar og mykje anna på skulen.
Frammøtet var godt, og fleire generasjonar kom for å støtte årets TV-aksjon 18. oktober. Tek ein med arbeidsdagen fredag, der ungdomsskuleelevane arbeider inn minst 300 kroner kvar, har skulen samla inn om lag 57 000 kroner på dei to tiltaka.
Lærer om verda
Espedalen har vore tilsett ved Åmot skule sidan mars og har vore med på mange skulearrangement for TV-aksjonen gjennom åra. Men «Open skule», slik Åmot har arrangert det i fleire år, hadde han ikkje vore med på før.
– Me håpar at elevar, foreldre, besteforeldre og til og med oldeforeldre kjem i kveld og støttar ei god sak og den fine innsatsen elevane har lagt ned med å lage ymse ting ein kan kjøpe. Alle klassetrinna ved skulen er med, og eg håpar folk får ein hyggjeleg kveld, sa Espedalen nokre minutt før dørene opna.
Skulen var full av besøkande denne kvelden. Engasjerte elevar gjorde sitt beste for å selje mest mogleg. Næringslivet i Vinje hadde òg gjeve fine premiar som dei frammøtte kunne vinne i lotteriet.
Tone Kostveit (84) fortalde at elevane ikkje berre engasjerte seg fordi skulen hadde bestemt det.
– Oldebarnet mitt har snakka om denne kvelden i ei veke, så dette har ein gleda seg til. Eg har vore på dette arrangementet i fleire år no og synest det er kjekt å vera her, sa Kostveit.
Espedalen fortalde at skulen mellom anna prøvar å gjera elevane bevisste på verda utanfor Noreg gjennom undervisninga. Difor passar det godt å arrangere ein slik kveld.
– Å arbeide saman med andre for ei sak som er større enn ein sjølv, håpar eg blir ei verdifull oppleving for elevane, sa Espedalen.