Uroa for utslepp. – Det er viktig at me er vaktbikkjer
Tokke SV vil ha svar om utslepp og kontroll på utslepp frå Dalen mekaniske.
Naturvernforbundet i Vest-Telemark har tidlegare stilt spørsmål ved utslepp frå Dalen mekaniske, og kravde i eit lesarinnlegg i VTB i april at denne saka bør ut på offentleg høyring.
Tokke SV har plukka opp ballen og i haustens fyrste kommunestyremøte hadde partiet ein interpellasjon om dette. Bakgrunnen for saka er at etter at Dalen mekaniske utvida verksemda har dei etablert eit anlegg for kjemisk og elektrolytisk overflatebehandling.
Tokke SV er uroa for utsleppa frå desse prosessane. Det er særleg Bandak, næraste nabo til Dalen mekaniske, som bekymrar partiet. I innsjøen er det ein sårbar aurestamme, og eit godt kast unna bedrifta ligg også badestranda på Dalen.
Statsforvaltaren gjev løyve
SV ønskte mellom anna svar på korleis kommunen følger opp krava til reinsing og dokumentasjon når det gjeld utslepp. Det er ordførar Jarand Felland (Sp) som svara på spørsmåla frå SV.
Han viste til at det er Statsforvaltaren, og ikkje kommunen, som skal gje løyve til utslepp etter forureiningslova, men han påpeika også at kommunen meiner det er viktig at spørsmål om utslepp og omsynet til Bandak blir tekne på alvor.
– Tokke kommune vil følge saka og ei eventuell høyring. Tokke kommune skal ikkje etablere eit parallelt kontrollregime eller sjølv godkjenne reinseteknologi og utsleppsvilkår, sa Felland i møtet.
SV ville vite kven som overvakar utsleppa, og ordføraren svara at det er verksemda som sjølv har ansvar for å etterleve krava i gjeldande regelverk, og gjennomføre naudsynte eigenkontrollar og målingar. Verksemda må følge opp ein prøvetakingsplan som er godkjent av Statsforvaltaren.
Bakke svara at ho kjente seg roa av informasjonen frå ordføraren.
– Det er viktig at me er vaktbikkjer, Bandak er eit område som me er utruleg glade i, så eg håpar det vil halde fram med å bli tatt stikkprøver. Eg trur Dalen mekaniske tek dette på alvor, og eg trur Statsforvaltaren også er litt vaktbikkjer og vil halde dei litt øyro, sa ho.
SV fekk takk frå MDG for å lyfte saka til kommunestyresalen.
– Når spørsmålet gjeld framtidige reinseløysingar og det Dalen mekaniske skal gjere så er me vel like langt ut frå det som ligg framme nå, men me skjønar at det jo kjem fleire rapportar, sa MDG-representanten Benedikte Nes.
Dette er ikkje fyrste gong Dalen mekaniske er tema i kommunestyret, og Nes viste til at kommunen i 2024 gav verksemda eit kommunalt lån.
– Eg hugsar at me etterlyste informasjon om miljøpåverknad frå tiltaket, og det vart gjort greie for påverknad på kantsone og nokre tre her borte, men det vart ikkje sagt med eitt ord at ein med dette anlegget skulle sleppe tungmetall ut i Bandak, heldt Nes fram.
Ho beklaga også at ho ikkje sjølv tidlegare forstod at eit overflateanlegg som dette hadde utslepp av prosessvatn. Ho hadde også ei klar oppmoding til Dalen mekaniske for framtida:
– Det gjeld å bygge tillit ved å vere opne og transparante, og kome med denne type vesentlege opplysingar før ein går til innkjøp i millionklassa og set oss litt sjakk matt.
Tek bekymringane på alvor
– Fyrst vil eg rydde opp i det med lån frå kommunen. Kommunen har lånt pengar til Tokke Teknologipark for å bygge ut industribygget der Dalen Mekaniske Produksjon (DMP) er leigetakar. Det har vore viktig hjelp, og det set me pris på. Men kommunen har ikkje finansiert sjølve overflateanlegget eller reinseanlegget. Det er gjort i DMP sin regi, det skriv Eivind Hårstad, dagleg leiar på Dalen mekaniske, i ein e-post til VTB.
– Og når det gjeld Bandak, er det reinsa vatn som skal sleppast ut, legg han til.
Hårstad seier han forstår at folk er bekymra, og at dei tek dette på alvor.
– Kjemikaliane i prosessbada skal ikkje sleppast direkte ut. Vatn som blir påverka av produksjonen, blir samla og skal reinsast. Før det reinsa vatnet går vidare, er anlegget utstyrt for kontroll av pH og vassmengde og for automatisk prøvetaking, opplyser Hårstad.
– Mange av som jobbar her ved Dalen mekaniske bur her og brukar Bandak sjølve. Me ønsker å ta vare på vatnet og naturen rundt oss. Derfor vil me måle og dokumentere korleis reinseanlegget fungerer, samstundes som me aukar produksjonen forsiktig, legg han til.
Anlegget er framleis i ein gradvis oppstartsfase. 27. februar starta dei med forsølving og har sidan produsert fleire tusen delar. I juni starta dei gradvis opp med fortinning og fornikling, og nå er dei i opplærings- og oppstartsfasen med anodisering og hardanosering.
– Me brukar ekstra tid på denne prosessen fordi den vil krevje mest vatn, seier Hårstad.
Anlegget på Dalen mekaniske har 97 kar og stasjonar, men mange av desse er skyllekar og andre naudsynte stasjonar, ifølge Hårstad. Altså, det er ikkje 97 kjemiske bad. Badoversikten viser at 28,512 m³ er satt opp med kjemi, men fem installerte bad står framleis tomme. Den samla kapasiteten der installert for er 38,592 m³.
– Når reinseanlegget kjem i drift, skal dei følge opp vatnet med prøver som er analysert av akkreditert laboratorium. Det fyrste driftsåret vil me kontrollere alle parametrane i utsleppstabellen i forureiningsforskrifta paragraf 28-3, også der me forventar svært låge verdiar. Me har også fått eksterne fagfolk til å undersøke forholda før utslepp startar, slik at me har eit grunnlag å samanlikne seinare målingar med, opplyser Hårstad.
Han fortel at overflatebehandling er naudsynt for største delen av volumet dei produserer på Dalen mekaniske.
– Utan anlegget hadde nok bedrifta hatt problem med å overleve, seier Hårstad.
Tidlegare sendte dei delar til Danmark og Sverige for å få denne typen behandling.
– Ved å gjere arbeidet på Dalen får me betre kontroll på kvalitet og leveringstid, det blir mindre transport og meir kompetanse lokalt. Me bygger likevel opp drifta trinnvis, slik at tilsette og prosesser er klare før aktiviteten aukar, fortel Hårstad.
I kommunestyremøtet etterlyste Nes informasjon på eit tidlegare tidspunkt.
– Me hadde mykje av fokuset vårt på å berge bedrifta og arbeidsplassane i ein periode med store endringar i marknaden. Gamle produkt vart avvikla, og me måtte snu oss raskt for å kunne levere til ABBs utan SF6.
Hårstad fortel at SF6 er ein kraftig klimagass som blir fasa ut av nye elektriske koplingsanlegg, og dei nye løysingane krever mykje meir overflatebehandling av delane dei produserer. Han meiner konsekvensane kunne vore dramatiske om dei hadde vore seks til ni månadar seinare ute med å få anlegget på plass.
– Då meiner eg me kunne vore nærare ti tilsette enn dei rundt førti som me er nå. Det seier litt om situasjonen me stod i.
– Men me ser også at me burde ha brukt meir tid på å forklare dette undervegs. Me har vore opptatt av å få på plass produksjonen, reinseanlegget og kompetansen, og har ikkje vore gode nok til å fortelje omgjevnadene kva dette inneber. Det tek me med oss.