Kristian Solbakken

Dagens jeger: – Det var ei stor oppleving for alle – kanskje mest for far!

Dagens jeger er Kristian Solbakken (40) frå Rauland

Publisert Sist oppdatert

1. Kor lenge har du jakta?

Eg byrja å jakte då eg var 8 år. Då var eg med far min på reinsdyrjakt på Argehovd og elgjakt i Raulandsheiane. Mange gode minne frå då!

2. Kva jaktar du?

Eg jaktar mest storvilt, elg, hjort og reinsdyr. Det blir også ein del rådyrjakt mot jol og litt revejakt etter nyttår om tida strekkjer til.

3. Kva er det beste med jakta?

Det beste er kombinasjonen av mange ting: Spenning, samhald med andre jegerar, naturopplevingar, god mosjon og mange gode minne i minneboka.

4. Kva er det mest utfordrande?

Det mest utfordrande er ofte vêr og vind. Jegerar er flittige brukarar av yr.no!

5. Fått noko dyr i år?

I år fekk eg ein reinsdyrbukk fyrste dagen i reinsdyrjakta, saman med dei to minste jentene mine på 11 og 13 år. Det var ei stor oppleving for alle – kanskje mest for far! Eg har også fått skyte fyrste elgen i stålos for Ylva, ei jämthundtispe på 1,5 år. Det er alltid ein stor milepæl for ein laushundjeger. 

6. Kva er ditt beste minne frå jakt?

Det er så mange minne og vanskeleg å peike ut eitt. Men reinsdyrjakta i år då ungane var med, er nok blant topp tre. Elles er det nok alle jaktturane med min betre halvdel, Marit. Spesielt på reinsdyrjakt på Kostveitvaten.

Powered by Labrador CMS