Dagens jeger: – Å sitje fire generasjonar rundt bålet er spesielt
Dagens jeger er Ådne Lien (34) frå Kleivgrend i Fyresdal.
1: Kor lenge har du jakta?
Har vore med på elgjakt sidan eg var 6-7 år, og med eiga børse frå eg var 16 år.
2: Kva jaktar du?
No er det hovudsakeleg elg og rådyr det går i.
3: Kva er det beste med jakta?
Spenninga i situasjonar med dyr. Og rushet ein gjerne får når ein lykkast.
Annonse
4: Kva er det mest utfordrande?
I Kleivgrend så er det bratt uansett kvar du skal, så det hadde kanskje vore lurt å trene litt meir før jakta …
5: Fått noko dyr i år?
Eg var så heldig å få skote ein fin stut på sundag.
6: Kva er ditt beste minne frå jakt?
Det er mange fine minne, men å sitje fire generasjonar rundt bålet er spesielt.