Magnus har fått smaken på ultraløp: – Eg hadde håp om å klare 100 kilometer
Magnus Krog (39) var kjend for eksplosivitet i hoppbakken og langrennssporet. No testar Høydalsmo-guten uthald, viljestyrke og smerteterskel i backyard. I Muruvik heldt han det gåande i nesten 74 kilometer.
Magnus Krog var av det eksplosive slaget både i hoppbakken og langrennssporet. No har 39-åringen fått testa uthaldet, viljestyrken og smerteterskelen på ein annan måte etter at han fatta interesse for backyard.
Løpskonseptet såg dagens lys i USA og har blitt populært i Noreg og ei rekkje andre land. I backyard spring deltakarane ein runde på 6,7 kilometer kvar time. Dei som ikkje er i mål før neste start, er ute av løpet. Kort fortalt handlar det om å halde ut lengst mogleg. Den siste som er att, vinn.
Magnus sprang nesten 74 kilometer i Muruvik Backyard, som er det største backyard-arrangementet. I år fekk 500 deltakarar plass, og ventelistene til den trønderske klassikaren var lange. Deltakarane kom frå heile Noreg og utlandet.
Fekk trøbbel med eit kne
– Eg synest ikkje 74 kilometer er så aller verst med tanke på treningsgrunnlaget og at eg er fersk i ultraløp. Eg har mykje å lære av dei beste. Han som sprang lengst og vann her i fjor, heldt det gåande i 48 timar og sprang over 320 kilometer. Det er formidable tal. For min del er det langt opp dit. Men eg håpar det på sikt skal vere mogleg å kome lenger enn eg gjorde. Før start hadde eg håp om å klare 100 kilometer.
– Kva gjorde at du gav deg etter elleve timar, Magnus?
– Det var eine og åleine smerter i det eine kneet. Det var det same kneet som gjorde at eg måtte kaste inn handkleet i fjor. Då sprang eg litt for langt med smerter og fekk trøbbel i ein månads tid etterpå. I år var eg fast bestemt på å gje meg tidlegare dersom knesmertene kom. Eg prøvde fyrst med smertestillande, seier Magnus til VTB.
Prøvde med smertestillande
– Då den ønskte effekten ikkje varte lenger, bestemte eg meg for å ta av startnummeret. Både beina og hovudet var fine sjølv om eg hadde sprunge sju og ei halv mil. Hovudet hadde òg lyst på meir. Men heldigvis klarte eg å vere rasjonell og tenkje på kva som var best for kneet. Eg skal trass alt ha det i nokre år til. Eg håpar det byr seg fleire høve til å springe langt, for backyard er eit veldig artig konsept.
– Kva er det som gjer Muruvik Backyard og andre backyard-løp så spesielle?
– Fyrst og fremst at du konkurrerer med deg sjølv. Det er òg artig og spennande at konkurranseforma gjer at det ikkje nødvendigvis er dei beste løparane som kjem lengst. Det handlar om heilt andre eigenskapar når ein spring i eitt eller to døgn, og kanskje meir, sa han.
Det blir få treningstimar
Magnus Krog er framleis lett på foten, sjølv om det begynner å bli nokre år sidan han sette bort konkurranseutstyret. Mesteparten av treninga får han ved å sykle til og frå jobb. I tillegg prøver han å få inn ein eller to løpeturar i veka på ein halvtime eller tre kvarter. Då går det som regel fort.
Sønene på sju og to år er begge svært aktive og driv med fleire ulike idrettar.
– Eg er med som trenar både i langrenn, hopp og sykkel. Dermed blir det ikkje så mykje tid til overs. Eg prioriterer å fylgje opp borna framfor å trene sjølv. Det fine med backyard er den uhøgtidelege stemninga og at det er enorm skilnad på ambisjonane og føresetnadene til dei som stiller. Det er veldig god stemning og sosialt. Eg kjem nok til å prøve igjen dersom eg får tak i startnummer, seier ein nøgd høysekk.