Eldres dag på Vinjehuset samla eldre heimebuande til fårikålmiddag og underhaldning.

Markerte eldredagen med fårikal. – Den fyrste fårikålen eg et i år, og han smakte godt

Torsdag samla rundt 50 personar seg på Vinjehuset til markering av Eldres dag med fårikål og underhaldning.

Publisert

Arrangementet er eitt av fleire tiltak som Vinje Sanitetslag har sett i gang for å skape møteplassar for heimebuande eldre.

Laget har fått 50 000 kroner frå Helsedirektoratet til arbeidet. I tillegg har dei fått 20 000 kroner frå Sanitetskvinnene i Telemark, medan resten av budsjettet på 100 000 kroner skal dekkjast gjennom eigne inntekter og anna finansiering.

– Me søkte om midlar til møteplassar for heimebuande eldre. Det er noko me har jobba med ei stund, og me veit at behovet er der, seier leiar i Vinje Sanitetslag, Signe Marie Kittelsaa.

Den internasjonale eldredagen blir markert kvart år den 1. oktober.

Ho fortel at den største utfordringa er å nå fram til dei som treng tilbodet mest.

– Me har hatt kontakt med mellom anna demenskoordinator og helseavdelinga for å spreie informasjon, seier ho.

Gerd Lyngstad Krokren (t.v.), Signe Marie Kittelsaa, Inger Urup, Synnøve Bratland, Kari Årlid og Inger Høgset stod for serveringa.
Ragnfrid Bakken og Amanda Bekker var fårikål-kokkane.

Viktig møteplass

Blant dei frammøtte var Britt Svalastog frå Rauland. Ho hadde teke turen for både fårikål og hyggeleg samvær.

– For oss eldre er det veldig viktig å ha ein møteplass. Når ein har rolege dagar, er det godt å koma saman og ha nokon å prate med, seier ho.

Ho meiner det er mange gode tilbod i kommunen, men peikar samtidig på at det krev litt overskot å vere med.

– Ein må vere litt oppegåande og ha energi for å koma seg ut og møte folk, men det gjeld jo alle aldrar.

Sjølv har ho ein aktiv kvardag på Rauland.

– Me har kafétreff, strikkekafé og gågruppe. Det er mykje å vere med på, seier ho.

Likevel set ho pris på arrangement som dette.

– Det er veldig fint at det blir arrangert. I dag er det ikkje dei store temaa, det er berre kos, seier Britt.

Britt Svalastog (t.v.), Svein Romtveit og Vita Hougaard.

Liv Astrid Kristensen er også oppteken av å halde seg aktiv.

– Eg trur eg held meg friskare av å vere i aktivitet og saman med andre menneske, fortel ho.

Liv Astrid fortel at ho gjerne reiser eit stykke for å delta.

– Eg køyrer tre mil kvar veg for å vera med på kaffitreffa til sanitetslaget. Sjølv om eg er mykje på farten, set eg stor pris på å treffe likesinna og vere med på det som skjer, seier ho.

Liv Astrid Kristensen (t.h.) fortel at ho gjerne reiser eit stykke for å delta på arrangement.

Også Svein Romtveit hadde funne vegen til Vinjehuset.

– Eg kom for fårikålen. Det er den fyrste fårikålen eg et i år, og han smakte godt, smiler han.

Sjølv om han held seg travel som pensjonist, meiner han slike samlingar har ein viktig funksjon.

– Det sosiale og det å treffe folk er viktig. Slike arrangement er bra, meiner Romtveit.

Astrid Fjalestad hadde heller ingen problem med å finne ein god grunn til å melde seg på.

– For det fyrste var det fårikålen. Då slapp eg å lage middag sjølv. Men eg er òg glad i å vere saman med folk, så det sosiale er veldig viktig, seier ho.

– I dag slapp eg å lage middagen sjølv, smiler Astrid Fjalestad - men legg til at det er veldig triveleg å koma saman.

Ynskje om å ete saman

I tillegg til torsdagens arrangement skal sanitetslaget arrangere fleire møteplassar fram mot jol, mellom anna i samband med FN-dagen, sanitetslaget sin basar og ei joleavslutning.

Kittelsaa håpar òg at tiltaket kan vidareførast etter prosjektperioden, men understrekar at det er avhengig av ny finansiering.

– Når folk fyrst tek i bruk eit tilbod, skaper det forventningar om at det skal halde fram. Då må ein òg ha pengar til å drive det vidare, seier ho.

Samstundes seier ho at mange er villige til å betale det det kostar, og at dersom det er noko dei vil på, så hindrar ikkje prisen dei.

Underhaldninga var i samarbeid med Folkeakademiet i Vinje. Igor Dunderovic bidrog med musikalske krumspring.

Gjennom spørjeundersøkingar og samtalar har sanitetslaget prøvd å finne ut kva eldre sjølve ynskjer.

– Mange svarar at det er viktig å ha nokon å gå saman med, og at det ikkje må vere for langt å reise. Skyss er viktig for fleire, seier Kittelsaa.

Ho meiner måltidet ofte er like viktig som sjølve programmet.

– Det er eit ynske om å kunne ete saman, seier ho.

Som eit resultat av dette har sanitetslaget no eit samarbeid med Groven Camping, som tilbyr pensjonistmiddag (litt mindre porsjon) til redusert pris kvar onsdag.

– Det har vore godt oppmøte dei gongene dei har hatt det til no. Der treffer folk kvarandre på ein uformell måte, fortel ho.

Kittelsaa er glad for oppslutninga om arrangementet på Vinjehuset.

– Me kunne eigentleg ikkje handtert så mange fleire. Eg er også glad for at det har meldt seg på ein del karar. Det synest eg er positivt, seier ho.

Ho ynskjer også å rette ein takk til dei frivillige.

– Utan innsatssen frå dei frivillige sanitetskvinnene går ikkje dette rundt.

Kittelsaa minner også om at Vinje Sanitetslag er involvert i fleire andre aktivitetar retta mot eldre. Dei arrangerer kaffitreff annakvar tysdag, kløvertur kvar måndag, varmebading med instruksjon kvar måndag og bidreg med vaffelsteiking og bingo på sjukeheimen kvar veke. 

Vinje sanitetslag har og tilbod til andre aldersgrupper og samlar inn pengar til forsking på kvinnehelse.


Powered by Labrador CMS