Meiningar
Flagging med regnbogeflagg i Fyresdal
Det var ein skammens dag då samla formannskap i Fyresdal sist veke vedtok ei svært begrensa flagging med regnbogeflagg i juni på offentlege bygg (skule og kulturhus) i Fyresdal. Frå debatten kring saka må eg seie meg svært opprørt over at formannskapet med ordføraren i spissen seier at det er feil og for mykje med flagging kvar dag i juni.
Å vera «feil» er vel akkurat det eg – og mange andre skeive – har følt på gjennom store deler av livet, og spesielt i ungdomsåra. Å atter ein gong bli minna på dette av ordføreren gjer meg både trist og opprørt. Kva er det som er «for mykje»? For mykje aksept? For mykje toleranse? For mykje kjærleik?
Eg har nå vore bonde i Fyresdal i snart 40 år. I store delar av dei åra har eg og vore open om legninga mi. For meg var det å bli bonde og overta garden heime den store draumen heilt i frå barnsbein av, og eg har hatt eit svært godt liv som gardbrukar og matprodusent. Det skal seias at eg personlig heller ikkje har hatt problem med å være åpen om legning her i bygda, eg har følt meg respektert og godteken.
Då eg valgte den livsvegen for mange år sidan måtte eg og innsjå at eg måtte velge vekk familieliv med eigne born. Eit likekjønna samliv med born i Fyresdal ville vore for belastande på 80- og 90- og byrjinga av 2000-talet, både for foreldre og ikkje minst born. Eg ville ikkje på nokon måte utsetje mine næraste for den belastninga i Fyresdal.
Men korleis er det i dag?
Eg går snart inn i pensjonistenes rekker og skal overdra garden til neste generasjon. Eldstejenta til min bror var den eg fyrst trudde ville overta, men ho takka høfleg nei for nokre år sidan. I dag har ho stifta familie i eit likekjønna ekteskap og dei har fått ein liten gut som snart blir eitt år.
Det er vondt å seie det – men jeg er glad for at dei har busett seg ein heilt annan plass i landet. For korleis ville den familien nå følt seg, når formannskap og ordførar i bygda vår uttaler seg slik dei gjer? At eit flagg som for dei og andre skeive tyder tryggleik og aksept, nå er «feil» og «for mykje?».
Ordføreren og formannskapet må hugse på at flagget ikkje nødvendigvis vaiar for den gemene hop. Det vaiar som eit signal for at vi som er litt annleis også høyrer heime i samfunnet, også her på bygda.
Når flagget får henge en heil måned i om lag alle landets kommunar, men ikkje i Fyresdal, kva for signal sender det oss? Er vi litt mindre velkomne her enn andre plassar? Har Fyresdal lyst til å skilje seg ut på den måten?
I dag og ut juni vaiar regnbogeflagget i flaggstanga på Snarteland. Kanskje blir låveveggen min i sentrum også pryda med det same.
Eit ljospunkt her er nye politiske krefter i kommunen med eit nystifta Fyresdal SV , her er i allefall nokon som tør å stille spørsmål og komme med konstruktiv kritikk (Ap og Sp har vist gått i ei form for symbiose).
Eg takkar hjartans for det innlegget i VTB, tysdag 9. juni, og ser verkeleg fram til kommunevalet om druge to år. Då har vi vonaleg eit større politisk mangfald.
Eg håpar verkeleg at politisk leiing innser dei har gjort ein grundig feil i nevnte vedtak, og at regnbogeflagget kan få henge og symbolisere mangfald, inkludering og kjærleik.
Aslak Snarteland,
Fyresdal