Riksrevisjonen: Kommunane er ikkje førebudde på eldrebølgja
Eldrebølgja er her, men kommunane er langt frå førebudde, viser Riksrevisjonens undersøkingar.
Det kan få alvorlege konsekvensar, åtvarar Riksrevisjonen i ei pressemelding.
– Det kan sjå ut som at nokon trur at det er lenge til eldrebølgja kjem, men det stemmer ikkje. Eldrebølgja er her no, og norske kommunar er ikkje førebudde, seier riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen.
Kraftig auke i eldre
Riksrevisjonen har undersøkt dei kommunale helse- og omsorgstenestene i perioden 2019-2024.
Rolla til kommunane for å møte den kraftige auken i talet på eldre har vore tema i stortingsmeldingar og planar frå Helse- og omsorgsdepartementet sidan 2006, blir det påpeika.
– På denne tida har vi vorte rundt 350.000 fleire over 67 år i Noreg, og om berre sju år har talet på eldre over 80 år auka med 50 prosent samanlikna med 2024.
Oppsiktsvekkjande lite førebudd
Allereie i 2018 påpeika Riksrevisjonen at kommunane ikkje hadde tilstrekkelege planar for å møte utfordringane.
– Då er det oppsiktsvekkjande å avdekkje kor lite førebudd kommunane er på oppgåvene som ligg framfor dei, seier Schjøtt-Pedersen.
Dei meiner situasjonen er kritikkverdig. «Kritikkverdig» er det nest høgaste nivået av kritikk Riksrevisjonen kan gi.
Dei har undersøkt i kva grad kommunane sikrar tilstrekkeleg kapasitet og kvalitet i helse- og omsorgstenestene til eldre, korleis dei har førebudd seg på eldrebølgja, og korleis staten legg til rette for dette arbeidet.
Bakgrunnen for gjennomgangen er undersøkingar frå 2018 og 2022 som viste manglar innan eldreomsorga.
(©NPK)