Ei veke etter det spontane besøket kom artisten tilbake
Jørn Hoel svinga litt tilfeldig nedom Kviteseid førre måndag, og veka etter var han tilbake. – Magien med livet er at viss ein tør å prate til folk, så blir det bra, fortel mellom anna Hoel i videointervjuet.
Etter eit spontant stopp på veg heim førre veke, etter eit møte med Lars Arne Straand på Straand hotel, svinga artisten Jørn Hoel nedom Kviteseidbyen. Besøket vara i fleire timar, og Hoel la ut ei melding på Facebook medan han stod og venta i asfaltkø i Brunkebergbakkane då han tok fatt på heimvegen.
«Eg som trudde eg hadde opplevd det meste i Noreg. Men makan til vakker stad …», skreiv artisten mellom anna saman med ei rekkje bilde frå fleire hyggelege timar både på kafé og i sentrum av Kviteseid.
Måndag denne veka sette artisten seg i bilen og tok turen frå Oslo til Kviteseid att, sjå video frå litt av Hoels besøk her:
(Video: SoMe-ansvarleg i VTB, Evy Karlsen)
Kom tilbake
Drivar av Kafé Hansen, Elizabeth Wisland, trudde nesten ikkje det var sant at Hoel ville kome tilbake. Men måndag føremiddag var han på plass att, og sa at han rekna med at det ville bli fleire turar til Kviteseid i sommar.
– Det ser ut til at Hoel er oppriktig fasinert av plassen. Eg trur han kan vere ein viktig døropnar, og vere med å setje Kviteseid på kartet, seier Wisland.