Folk står ved veteranbilar ved ei innsjø, med fjell og skyer bak.
Bryggeparktreffet i Fyresdal.

Meir enn 200 bilar på Bryggeparktreffet

Det var mykje liv i Fyresdal sentrum i helga. 

Publisert

– Frå stuntshow og drive-in-kino fredagskvelden til Bryggeparktreff, Bygdedag og fest laurdag. Ei helg prega av aktivitet, møte mellom folk og god stemning. 

Slik oppsummerer Gerd Straume, næringssjef i Fyresdal, helga. 

Eitt av høgdepunkta var Bryggeparktreffet som samla meir enn 200 deltakande bilar. Bak arrangementet står dei to unge lokale eldsjelene Kristian Sølyst Skomedal og Magnus Momrak-Haugan. 

– Me synest det er litt kjedeleg når biltreff blir arrangert for forskjellige typar bilar. Me ville samle alle bilar på éi utstilling, sa Kristian til VTB tidlegare i år.

Fredagskvelden samla mange til stuntshow og drive-in-kino, medan laurdagen baud på eit sentrum fullt av folk gjennom heile dagen. Besøkande strøymde mellom aktivitetane i Bryggeparken, Øyskogen og resten av sentrum, og fleire av dei som selde mat opplevde så stor pågang at dei gjekk tomme for varer.

Laurdagskvelden vart avslutta med Bygdedagsfesten på Hvelvet der Byting spela. Om lag  500 billettar vart selde. Vaktene melder om eksemplarisk oppførsel og svært god stemning gjennom heile arrangementet.

Bygdedagskomiteen, med Klara Rydland i spissen, har saman med frivillige, lag, foreiningar og lokale aktørar lagt ned eit stort arbeid gjennom mange månader for å få arrangementa på plass.

Arrangementet er ein viktig del av arbeidet med stad- og reiselivsutvikling i Fyresdal. Gjennom satsinga Stads- og reiselivsutvikling 2026 har kommunen arbeidd for å styrkje sentrum som møteplass og skape meir aktivitet og trivsel. Høgde har vore prosjektleiar og samarbeidspartnar i dette arbeidet, med mål om å utvikle sentrum og arrangement som bidreg til stoltheit, fellesskap og lokal verdiskaping.

– Dette handlar om langt meir enn berre arrangement. Det er ein møteplass for innbyggjarar, utflytta fyresdølar, næringsliv, hyttefolk og besøkande. Det er også ei viktig anledning til å vise fram Fyresdal for nye menneske som vurderer å besøke, arbeide eller busetje seg i kommunen, seier næringssjefen. 

Powered by Labrador CMS