Kommentar:
Regjeringa har sagt at innsatsen skal bli trappa opp. Men her i Vest-Telemark blir tilboda dårlegare
I 2023 vart det vedtatt ein opptrappingsplan for psykisk helse. Planen skal sikre folk gode og tilgjengelege tenester, der dei bur. Og tilbodet til personar med langvarige og samansette behov er eit av innsatsområda.
Her i Vest-Telemark kan det sjå ut til at det er det motsette som skjer. Sjukehuset Telemark har varsla at døgnposten ved Seljord DPS (distriktspsykiatrisk senter) kan bli lagt ned frå nyttår. Det er dei alvorleg psykisk sjuke det vil ramme, personar med psykoseproblematikk.
Korleis denne brukargruppa historisk har blitt behandla er dyster lesing. Før vart mange psykisk sjuke sendt bort på store asyl. Der kunne dei bli verande i årevis. På 70- og 80-talet vart fleire av dei store institusjonane lagde ned i Noreg. Tanken var at pasientane skulle få opne og desentraliserte tilbod.
I Vest-Telemark fekk me DPS i Seljord, og med opptrappingsplanen som kom i 1999 vart dei psykiske helsetenestene i kommunane styrkt.
At fleire nå får hjelp ute i kommunane er ei god utvikling. Også alvorleg psykisk sjuke skal bu i kommunen, og få tilbod om oppfølging der. Men denne brukargruppa vil i mange tilfelle også trenge oppfølging i spesialisthelsetenesta. Då er eit godt samarbeid avgjerande.
Viktig for kommunane
I ti år jobba eg med psykisk helse i ein av dei minste kommunane i Telemark. Og eg har vore mykje på Seljord DPS. Eg har møtt fleire overlegar der, mellom anna Ragnhild og Hilde. Ragnhild var overlege på poliklinikken. Hilde på døgnposten. Fire gonger i året kom dei ut på besøk til oss som jobba i kommunane. Me koka kaffi, og samla oss rundt bordet på psykiatrikontoret i Nissedal. Her kunne me kome med spørsmål og få rettleiing i krevjande saker. Me fekk høyre litt om kva som skjedde på DPS, og dei fekk høyre litt om kva som skjedde ute i kommunen. På denne måten vart me kjent med kvarandre og kunne drøfte felles problemstillingar. Og med god kjennskap til kvarandre kunne me samarbeide betre om å følgje opp felles brukarar.
For det å følgje opp alvorleg psykisk sjuke i ein liten kommune kan vere krevjande. Og det å ha spesialistar ein då kan ringe til, og kjente avdelingar som kan ta imot når nokon treng heildøgnsomsorg – det er viktig.
Derfor var eg, då eg i 2012 begynte å jobbe i psykisk helseteneste i Nissedal, imponert over samhandlinga mellom kommunane og DPS. På denne tida var det to døgnavdelingar og ein poliklinikk i Seljord. Her var dyktige fagfolk med lang erfaring, psykoseteam som rykte ut om det var naudsynt, og også brukarstyrte senger der pasientane sjølv kunne ta kontakt og få ei innlegging ved forverring av helsetilstanden.
Men så starta nedtrappinga. Fyrst vart den eine døgnposten lagt ned, så vart poliklinikken flytta til Notodden. Det er slutt på rettleiing ute i kommunane. Og nå ser det mørkt ut også for den siste døgnposten. Det rimar dårleg med målsettingane i opptrappingsplanen.
Mykje står på spill
Det er vanskar med å rekruttere overlege som både i denne, og førre runde, er argumentet for å leggje ned dei siste sengeplassane i Seljord.
I 2023, då poliklinikken i Seljord vart flytta til Notodden, skreiv Ragnhild Aarrestad, som i 25 år var tilsett som overlege ved Seljord DPS eit lesarinnlegg i VTB. Ho var sterkt kritisk til at sjukehusleiinga ikkje involverte fagfolk i endringsprosessar.
«Denne form for ledelse, hvor beslutninger fattes i lukkede fora milevis unna og uten dialog med klinikere, er demotiverende og medvirkende til at jeg valgte pensjonering som frisk 67-åring», skriv ho.
Nyleg stod Katarina Dyszy Vik fram i VTB, og fortalde at ho hadde søkt på jobben som overlege ved Seljord DPS, men at ho har fått beskjed om at ho er uaktuell til stillinga. Ho følte seg diskriminert.
Å rekruttere legar er vanskeleg mange stader. Og å vere overlege på eit DPS må vere ein særs krevjande jobb. Me må derfor forvente at sjukehuset tek godt vare på desse tilsette.
For det er mykje som står på spel for ei sårbar brukargruppe.
Det er trist å sjå korleis tilbodet dei siste åra har blitt svekka ved Seljord DPS. Og det trass i auka løyvingar frå Staten, og nye planar om opptrapping.