Soga om utvalet som skulle gjere gyldige vedtak
Det var ein gong sju politikarar som skulle handsame ein heil haug med saker. Men fyrst måtte dei over gildskapsbrua.
Eit halvår med mykje debatt om ugildskap i planutvalet i Vinje vart avslutta onsdag 10. juni med eit møte som på ingen måte stod tilbake for dei føregåande.
Mykje skjedde då «ad hoc rapporten» om tiltak for å hjelpe villreinen skulle handsamast.
For det fyrste måtte nestleiar Svein Versto (Ap) ta over roret for å sette denne rapporten på saklista.
Årsaka? Utvalsleiar Tone Edland (Sp) hadde blitt erklært ugild i saka i ein tidlegare gildskapsoppvask.
Den oppvasken kom etter at Edland trekte same sak frå saklista tidlegare i vår.
Det var ho ifølge ei advokatvurdering ugild til å gjere.
Årsaka? Ho har hytte langs Songavegen, som ad hoc rapporten føreslår å vårstenge.
Så då ad hoc-rapporten skulle handsamast, måtte Edland gå frå bordet med ein gong.
Tone Edland hadde knapt sett seg ned på sidelina i ad hoc-saka før ho fekk selskap av Bjarte Hestdalen (Bygdelista), som har hytte langs ein annan veg som er føreslått vårstengt i rapporten – Kråmvikvegen.
Dei fem politikarane som var att ved bordet var godt i gang med å drøfte om dei to hytteeigarane måtte sitje på sidelina under heile rapporten eller berre når deira veg var tema, då kommunalsjef Gry Åsne Aksvik sende endå ein ut på gildskapsbrua.
- Du bruker jo også ein av dei vegane det er forslag om å stenge til di hytte, Ane, påpeika ho til Ane Killingtveit (Sp), som dermed måtte gå og setje seg på sidelina med dei to andre hytteeigarane.
Ugilde sjefar
Til stades var også sakshandsamar Turid Opsund og skogbruksrådgjevar Per Wraa. Dei svarte på eitt og anna spørsmål frå dei fire som sat att ved bordet og vreid hovuda for å finne ut av kven som kunne handsame kva i rapporten, då Aksvik plutseleg slo til att.
– Du er også ugild, Turid, viss Ane er det. For eg bruker same vegen som Ane til mi hytte, og er eg ugild så er du ugild. Det er best eg og du ikkje seier så mykje.
– Ja, eg bur i Vråliosen, er eg ugild då?, spøkte Wraa, og då viste det seg at Aksvik ikkje var heilt målbunden enno.
– Din sjef, Knut Martin Edland, har også hytte inn Songavegen. Så då er du også ugild, sa ho.
Men det blei ikkje så ille heller, for dei fire politikarane som var att fann ut at Killingtveit berre brukte sin hytteveg vinterstid. Dermed kom ho seg trygt over brua og bort att til sakshandsamingsbordet.
Det same gjaldt Aksviks hyttekøyring, og dermed kunne ho og hennar underordna Opsund svare på spørsmål att, medan Edland og Hestdalen vart kjende ugilde og måtte bli sitjande på sidelina.
Så var det kva ein skulle gjere med sjølve villreinrapporten, da. Mykje har endra seg sidan 2024, då ad hoc-gruppa vart sett ned. Den gongen var Vinje leie av å vente på at andre skulle gjere noko for villreinen, men før rapporten til gruppa har kome i hamn har fleire større snøballar med liknande mål begynt å rulle: Departementets tiltaksplan, Hardangerviddarådets sti- og løypeplan og kommunens eiga rullering av arealdelen.
– Så den er eigentleg litt smør på flesk, sa Wraa om ad hoc-rapporten.
Utvalet vedtok til slutt å ta rapporten til vitande, og å be administrasjonen om å lage ei lokal forskrift som vegstenging og andre tiltak kan heimlast i.
Gildskapssoga del 2: Storrlineset
Tre politikarar måtte også over gildskapsbrua då hytteutbygginga på Storrlineset skulle handsamast for siste og endelege gong i utvalet: Edland, Hestdalen og Versto.
For Edland gjaldt det massetaket som sambuaren hennar eig. Kunne det gje sambuaren ein særskilt fordel dersom hytteplanen gjekk gjennom?
Svaret blei nei, sidan hyttefeltet har sitt eige massetak og ikkje treng kjøpe masse.
Så Edland fekk setje seg til bordet att.
For Hestdalen var spørsmålet om han er part i saka.
Han sit i styret i Naturvernforbundet i Vest-Telemark, som har sendt høyringsuttale til saka.
Ein kan jo også tenke seg at Naturvernforbundet vil klage på eit positivt vedtak.
Også her blei svaret nei, og Hestdalen fekk setje seg til bordet att.
For Versto var spørsmålet om han kunne ha ein særleg fordel av at hytteplanen vert vedteken.
Han er tilsett i Kåsa & Ringhus, og det kan godt hende firmaet og han får arbeid i hyttefeltet på Storrlineset
Også her blei svaret nei, og Versto fekk setje seg attende til bordet – der han var med på å gje hytteplanane på Storrlineset fleirtal.
Gildskapssoga del 3: Gildskapsklagesaka
Tre er jo eit godt tal i sogeverda, så me tek med ei tredje gildskapssak frå møtet: Ei klagesak på utvalets eigen gildskapshandtering.
For på bordet sitt fekk utvalet – her er det berre å halde tunga rett i munnen – ei klage frå Irja Godal (Bygdelista) på at utvalet avviste klaga hennar på at ho blei kjent ugild i klagesaka om hyttebyggingsplanen Flåmyrane III.
I denne saka var heile utvalet gilde, og alle var samde om at denne saka måtte til Statsforvaltaren. Men Øystein Høgetveit (SV) kom med eit hjartesukk.
– Dette har kome veldig skakt ut for heile miljøet.
– Eg ønskjer at Statsforvalteren får teke ei endeleg avgjerd i saka, men eg må seie det er tregaleg at ho har kome så langt, verkeleg tregaleg.
– Kva er alternativet til å røyste for rådmannens framlegg nå? Det er vanskeleg.
Gode på gildskap – eller?
– De blir i alle fall gode på gildskap, kjem det frå sekretær Reidun Lofthus i ein pause mellom gildskaps-slaga.
– Ja, blir me eigentleg det. Eg blir berre meir forvirra, kjem det frå ein utvalsmedlem.
– Og kva i all verda skal me gjere når arealplanen skal handsamast i kommunestyret. Alle har vel ei hytte ein eller annan stad, så då blir me vel ugilde alle som ein.
Og snipp snapp snute, så var denne gildskapssoga ute – utan ein einaste vara i sikte.