Motorsykkeltreff med historisk sus
Laurdag var det duka for kaffi, kaker og foredrag på Forsvarsmuseet i Vinje. Gamle tyske BMW- og Zündapp-motorsyklar var på vitjing. Slike motorsyklar nytta tyske soldatar då dei kom til Vinje under invasjonen i april 1940.
– Me er glade for at foreininga BMW og Zündapp Noreg tok turen innom Forsvarsmuseet for å sjå og høyre om kampane her under andre verdskrigen. Det er mange fine syklar her, og den eldste er frå 1940. Det historiske bindeleddet er at det var på slike syklar tyske soldatar kom køyrande på dårlege grusvegar i 1940. Det er interessant for oss òg, seier styreleiar Olav Aalandslid i Venneforeininga for Forsvarsmuseet i Vinje.
Dette er ikkje fyrste gongen det er slikt treff på Groven Camping og Hyttegrend i Åmot. I fjor var til dømes Tempoklubben i Noreg på vitjing. På årets motorsykkeltreff deltok 75 personar med 43 motorsyklar med sidevogn. Dei fleste syklane var frå 1940- og 1950-talet.
– Det var gildt å sjå så mange fine syklar i dag. Me hadde òg utanlandske gjester med eigne syklar. Tyskarane har alltid lege langt framme teknisk når det gjeld motorar, så eg har lært mykje i dag, fortel Aalandslid.
Spanjolen Jose Cabrera og norske Terje Fjærvoll var blant deltakarane på treffet. Jose har budd i Noreg i mange år. Dei er samde om at interessa for motorsyklar er både gjevande og sosial.
– Eg fekk min fyrste sykkel då eg var 21 år. Ein kan seie at eg vart fødd med interessa og har alltid vore svært teknisk interessert. At eg vart sivilingeniør, fall difor naturleg, fortel Jose.
– Interessa mi for motorsyklar fekk eg gjennom far min. Dei tyske motorsyklane var nyskapande, innovative og teknisk gode. Dei tok seg godt fram under vanskelege forhold, og dessutan er dei estetisk svært fine, seier Terje.