Hanne Christine (f.v.), Geir og Annette i godt driv på Rokk kafé.

Dette treng alle: – Det har slått veldig an!

Førjolstida på Rokk kafé har vore travel og koseleg. Sal av tennbrikettar har blitt populært dugnadsarbeid i idrettslag og skule.

Publisert

– Dette går kjempebra!

Annette Kleiv, teamleiar for arbeid og inkludering i Seljord – på Rokk kafé – sel tennbrikettar som aldri før. 

– Me får tennbrikettar i pallar frå eit firma, og så legg me dei oppi boksar her manuelt. Me har drive med dette nasjonalt i Idea i lang tid, men å pakke dei her og selje dei ut til dugnadsarbeidarar i Seljord; det er ei ny oppgåve for oss. 

Brikettar som ikkje går til dugnad blir sendt til NorEngro, Noregs ved og eksterne butikkar.

Fint dugnadsarbeid

På Rokk kafé er det ljos på borda og mange folk innom i førjolstida. Kaféansvarleg Geir Kaasa Dyrland smiler blidt bak disken. 

– Det er veldig hyggeleg å jobbe her, seier han, og blir med ein tur lengre inn i lokalet for å vise fram lageret av tennbrikettar – som dei mellom anna sel vidare til lag og foreiningar som vil tene pengar på dugnad.

Teamleiar Annette fortel at dugnadssalet har tatt seg opp i løpet av hausten.

– Og potensialet er stort, legg ho til.

– Det er fleire grupper i idrettslaget, også på skulen, som har byrja å selje, og som får provisjon. Det har slått veldig an!

Ho fortel at å pakke tennbrikettar er ei kjempeallright oppgåve for dei med funksjonsvariasjonar på Rokk kafé.

– Brikettane er laga av porøs trefiber. Dei blir dyppa i voks av tilsette på Idea Notodden. Det er eit bra produkt, og noko ein alltid har bruk for, avsluttar ho.

Geir Kaasa Dyrland pakkar tennbrikettar.
Powered by Labrador CMS