Bygging av olabil var populært i Rauland i sommar.

Dei unge fekk bygge olabilar

Gjennom prosjektet Sløydmillionen gav Bygger’n 30 000 kroner i stønad til Vinje ferieklubb – eit gratistilbod for barn og unge i Vinje kommune.

Publisert

Med denne pengestønaden som Vinje ferieklubb søkte om og fekk, kunne endå fleire barn i 5. til 10. klasse få ta del i eit sommartilbod i slutten av juli der opplevingar, meistring og nye vennskap stod i sentrum. Med på laget var Bygger’n Rauland som inviterte til tre dagar med olabil-workshop. 

– Det var gøy at me fekk publikum på olabilløpet siste dagen trass i litt ruskete vêr. Rauland barnehage og SFO var ein fin heiagjeng, oppsummerer Marie Ofte Ridderhus, kunderådgjevar i Bygger’n Rauland. 

Ho fortel om fine dagar med Vinje ferieklubb og eit stort engasjement. 

– Me håpar dette inspirerer fleire til å ta hammaren fatt, seier Ridderhus. 

Også Tone Aslaug Lie, ungdomskoordinator i Vinje kommune og ansvarleg for sommarskulen Vinje ferieklubb, er fornøgde med tilbodet dei fekk til i Rauland. 

– Me synest det utruleg fint at Bygger’n var så positive og engasjerte, og dei stilte verkeleg opp for at borna skulle få fine dagar. Saman med Dag Larsen laga dei eit supert opplegg. Det har vore kreativitet, læring og action, og tilbakemeldingane frå både born og foreldre er at dette ynskjer dei meir av, seier Lie.

Tone Aslaug Lie (f.v.) og David Rönnlund frå Vinje kommune. Marie O. Ridderhus og Øyvind L. Ofte frå Bygger’n Rauland.

Byggevarekjeda deler ut pengar gjennom ordninga «Sløydmillionen». Dei stør prosjekt som får barn og ungdom til å snikkere, byggje, skape og lære gjennom praktisk arbeid. 

Vinje ferieklubb vart etablert for å sikre at alle barn, uansett økonomisk eller sosial situasjon, får tilgang til spanande sommaraktivitetar. På programmet stod mellom anna kanopadling, bogeskyting, olabilbygging, turar til klatrepark og badepark, gokart-køyring og mykje meir. Barna møter kvarandre på tvers av grender og skular, og dei får prøve nye ting og lagar minner for livet.

– Me er stolte av denne ordninga som me har fått til i samarbeid med ulike tilskotsgjevarar, næringsliv og frivillige lag og organisasjonar, seier Kristian W. Rantala, verksemdsleiar kultur og fritid i Vinje kommune.

Powered by Labrador CMS