Dagens jeger: – Haustjakta kan likestillast med jol, nyttår og påske
Dagens jeger er Helene Berge Frantzen (34) frå Skafså.
1. Kor lenge har du jakta?
Så lenge eg kan hugse tilbake. Eg har vakse opp med jakt – mamma og pappa hadde meg med på elgpost frå eg var lita, og eg fekk også fri frå skulen for å vere med den gongen. Eg var med på driv eller sat på post saman med andre fram til eg tok jaktprøva som 18-åring.
2. Kva jaktar du?
Helst alt! Men tida strekkjer ikkje til, så det blir i hovudsak elg, hjort og reinsdyr. Det siste året har det blitt litt bever også. Eg hiv meg på det som plutseleg dukkar opp og som verkar interessant.
3. Kva er det beste med jakta?
Haustjakta for meg kan likestillast med jol, nyttår og påske. Det er den friske haustlufta og fargane, å gå ute i skogen og gløyme alt anna som skjer rundt. Så er det samarbeidet med elgbikkjene mine, Hera og Frida av Gausbu. Eg kjenner på meistringskjensle og audmjukskap når eg kan koma skikkeleg innpå ein los, og kanskje er heldig å få felle eit dyr.
4. Kva er det mest utfordrande?
Det må bli å gå innpå ein los. Då er det mange ting å ta omsyn til. Vind, posisjon, bevege seg på rett tidspunkt, og gå så lydlaust som råd. Ein må vere tolmodig, og ein skal også tenke raskt og riktig. Ein må bruke alle sansane.
5. Fått noko dyr i år?
Ja, det klaffa her ein kveld då eg var ute etter hjort. Etter å ha prøvd meg for fyrste gong på lokking og brøling i 30 minutt på post langt oppi skogen, dukka det plutseleg opp ein bukk som var nysgjerrig. Då fekk eg skote ein 14-taggar. Det blei ein lang kveld og natt med å få dyret ned frå skogen. Var ferdig med slaktinga klokka fem om morgone. Det er også mitt største dyr hittil, så det blei ei minnerik oppleving.
6. Kva er ditt beste minne frå jakt?
Det er så mange. Heilt frå då eg var lita og sat på post med mamma og pappa, til eg byrja å jakte sjølv. Men skal eg trekke fram eitt minne, er det det fyrste elgfallet for eigen elgbikkje, Hera. Det blei også min fyrste elg i stålos. Jubelen ljoma gjennom skog og sikringsradioen den formiddagen!